Medisinsk operatør i AMK – 60 % nattstilling

AMK-sentralen Haugesund Haugesund , Rogaland , Karmsundgata 120 , 5528 Vikariat / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-17
Publisert:
2026-06-29

1 dag igjen

Om stillingen

Vil du vere med og redde liv – kvar dag?
AMK-sentralen (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) søkjer ein engasjert og fagleg sterk medisinsk operatør. Hos oss får du ei sentral rolle i den akuttmedisinske kjeda, der du handterer naudtelefonar, koordinerer ambulanseoppdrag og samarbeider tett med andre naudetatar for å sikre rask og rett hjelp til pasientane våre.

Dette er ei stilling for deg som klarer å halde roen når det hastar. Du kommuniserer tydeleg, stiller gode spørsmål og trivst med å jobbe tett saman med andre når presisjon og raske vurderingar betyr mykje. Du møter menneske i akutte og sårbare situasjonar, og er ofte den første trygge stemma dei høyrer når det verkeleg gjeld.

👉 Høyrest dette ut som ei rolle for deg? Då håpar vi du sender oss ein søknad.


Kva går jobben ut på?

  • Svara på naudtelefonar 113.
  • Koordinera ambulansedrifta for AMK Haugesund og akutte helseressursar.
  • Samhandla med andre naudetatar og samarbeidspartnarar.
  • Registrera, dokumentera og oppdatera hendingar.
  • Varsla ved beredskap.
  • Delta i øvingar og fagleg utvikling.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar, paramedisinar eller ambulansearbeidar
  • gode IT-kunnskapar
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Det er ein fordel om du har erfaring frå AMK eller anna akuttmedisinsk arbeid.

Kva ser vi etter hos deg?

Det viktig at du: 

  • kommuniserer tydeleg og roleg, også når situasjonen hastar
  • trivst med å samarbeide tett med kollegaer og andre naudetatar
  • held oversikt og gjer gode vurderingar i ein arbeidskvardag med høgt tempo
  • møter menneske med respekt, tryggleik og profesjonalitet
  • tek ansvar, ser kva som må gjerast og ber om hjelp når det trengst
  • jobbar strukturert og nøyaktig, både sjølvstendig og i team

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Godt fagleg miljø med fokus på teamarbeid og utvikling.
  • Jamlege moglegheiter for fagleg påfyll.
  • Triveleg og godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Torbjørn Nornes, Funksjonsleiar, +47 91612094, [email protected]

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5148212176
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 07.09.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 17.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV