100 % fast stilling som fagsjukepleiar
Søknadsfristen er i morgen
Om stillingen
Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen.
Hva vi ser etterKvalifikasjonar
-
Autorisert sjukepleiar
-
Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
-
Gode norskkunnskapar
-
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
-
Engasjert i fag og utvikling
-
Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
-
Gode samarbeidsevner og ein positiv rollemodell for kollegaer
-
Har evne til å handtere ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag
-
Ønskjer å bidra til utvikling av arbeids- og fagmiljøet
Stilling er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene.
Arbeidstid er dagtid i vekedagane, samt arbeid kvar 5. eller 6. helg.
Arbeidsoppgåver
-
Medansvar for fag, kvalitet og kompetanseheving
-
Rettleie og støtte kollegaer og studentar
-
Bidra til fagutvikling, oppfølging av prosedyrar og internundervisning
-
Delta i tverrfagleg samarbeid og pasientoppfølging
-
Bidra til god samhandling mellom heimetenesta og institusjon
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
-
Pensjonsordning i KLP.