Pleieassistent
Søknadsfristen er i morgen
Om stillingen
Seksjon for infeksjonssjukdommar, Medisinsk overvakingseining /MOE - Medisin post 6 har ledig 2 faste stillingar i 15% på helg frå hausten.Dei fleste som kjem til MOE har har alvorlege infeksjonar/indremedisinske problemstillingar. Vanlege diagnosar er sepsis, endokarditt, djupe sårinfeksjonar, tuberkulose, tropeinfeksjonar, CNS infeksjonar m.m. Posten har 10 senger. Desse er fordelt mellom 4 einerom og ei tosengstue som og kan nyttast som luftsmitteisolat. og ei overvakingstue med plass til 4 pasientar. , Pasientar kjem enten via akuttmottak eller fra ei av dei medisinske postane ved behov for overvaking.
Overvakingseininga (MOE) utgjer nivået mellom intensivmedisin og vanleg medisin. Her behandlast alvorleg sepsis og andre livstruande infeksjonar, ketoacidose, GI blødningar og elektrolyssforstyrringar og generell indremedisin som krev overvaking. Vi kan gi avansert behandling og overvaking med arteriekran/ skop, Cpap/ Bipap, tracheostomi, administrering av avanserte medikament som vasopressor. I tillegg har posten ansvar for pasientar med meningitt som kjem direkte på post.
Arbeidsdagen er prega av eit aktivt fagleg miljø med godt tverrfarleg samarbeid, medisinske utfordringar, akuttmedisinske problemstillingar og i periodar høgt tempo. Arbeidsmiljøet er prega av høg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Stell, pleie og omsorg for pasientar
- Observasjon av vitale parametre ved overvaking og ved fastvakt
- Skylleromsarbeid, og holde orden i avdelinga
- Tverrfagleg samarbeid med dei andre yrkesgruppene i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Ein søker etter hjelpepleiar/helserfagarbeidar/sjukepleiestudentar/pleieassistentar med erfaring innan sjukehus og med interesse for
infeksjonssjukdommar og akutt sjuke - Helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha norsk autorisasjon
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og å vere fleksibel
- Interesse for infeksjonsmedisin og akutt/ intensivmedisin
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Ansvarsbevisst
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig pensjonsordning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hilde Margrethe Sørås Dale, Seksjonsleiar, 55973722Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5154940833
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Datakilde: Data hentet fra NAV