Tilkallingsvikar
Om stillingen
Folkestad skule ligg i flotte omgjevnader ved Oterholt, det gamle handelssentrumet i Bø, og er ein skule med lange tradisjonar. Skulen stod ferdig i 1861 og har sidan vore grendeskule samanhengande, sett bort frå skuleåret 1945-46 da skulebygget måtte byggast opp igjen etter krigen. Skulen ligg på Oterholt som var handelsstad og sentrum i Bø.Skulen har rundt 112 elevar og 19 tilsette. Dei tilsette er stolte av ein skule med stort uteområde og nærleik til flott natur. Engasjerte foreldre og lærarar jobbar for å gjere Folkestad skule til ein trygg og god læringsstad. Uteområda i nærleiken blir nytta til faste dagar med uteskule og tverrfagleg arbeid. Vi har og ein flott skulehage.
Vi har eit allsidig personalet, eit støttande og godt arbeidsmiljø som bidreg til positiv utvikling av skulen. Vi jobbar for å utvikle ein meir inkluderande praksis, fysisk, praktisk og aktiv læring, og gi elevane ei god grunnopplæring i lesing, skriving og rekning.
Arbeidsoppgåver
- bistå elevar med praktiske oppgåver i skulehverdagen
- være ei støtte i klasserommet for enkelt elevar
- delta i friminutta med inspeksjon
- delta i ulike aktivitetar på SFO
- gjennomføre undervisning
- delta på ativitetsdagar eller turar
Kvalifikasjonar
Ønska kompetanse
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eventuelt god erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge
- Lærarutdanning
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
Søkjar må :
- like å arbeide med barn
- være ansvarsfull og påliteleg
- ha godt humør
- tåle endringar i arbeidskvardagen
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Venke Raundalen, Konst. rektor Folkestad skule, +47 92251459Arbeidsstad
Eikavegen 613804 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5138729882
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 24.08.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 31.12.2026
Datakilde: Data hentet fra NAV