Helsefagarbeidar - 60% vikariat

Psykisk helse og rus, Vinje kommune Vinje , Telemark , Vinjevegen 230 , 3890 Vikariat / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-16
Publisert:
2026-07-17

Søknadsfristen er i morgen

Om stillingen

Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til andre?

Bruli bufellesskap søkjer ein engasjert medarbeidar som ynskjer ein meiningsfull jobb der relasjonar, omsorg og menneske står i sentrum.

Hos oss får du moglegheita til å arbeide tett på menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar.  Dette er ei spennande stilling for deg som ynskjer å utvikle deg fagleg og personleg, skaffe deg verdifull erfaring innan helse- og omsorgsarbeid eller prøve noko nytt.

Bebuarane på Bruli bur i eigne leilegheiter og mottek individuelt tilpassa tenester frå kommunen. Me er opptekne av å skape trygge, føreseielege og meiningsfulle kvardagar der den enkelte sine ressursar, ønskje og behov står i fokus. I tillegg yter me tenester til enkelte brukarar som bur utanfor bufellesskapet.

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og eit sterkt engasjement for brukarane våre.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid - gjennom å støtte bebuarar i å meistre eigen kvardag, bidra til struktur, trivsel og gode opplevingar
  • Praktisk bistand i leilegheitene - som matlaging, rydding, hygiene, reinhald og andre daglege oppgåver der dette er ein del av tenesta
  • Praktiske oppgåver i avdelinga - praktiske gjeremål som å halde orden i fellesareal, førebu felles måltid på laurdagar og andre helsefaglege oppgåver
  • Gjennomføre gåturar, handleturar eller andre små aktivitetar i nærmiljøet
  • Medikamenthandtering i tråd med gjeldande rutinar og delegasjon
  • Dokumentasjon og journalføring i kommunen sine fagsystem
  • Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre samarbeidspartnarar ved behov

Kvalifikasjonar

 

  • Du har fagbrev som helsefagarbeidar, eller annan relevant helse- og sosialfagleg utdanning
  • Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar (minimum nivå B2)
  • Du har digital kompetanse
  • Du har førarkort klasse B er ynskjeleg, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Du kan arbeide sjølvstendig og samstundes vere ein god lagspelar
  • Du har evne til å skape gode, trygge relasjonar til både brukarar, pårørande og kollegaer
  • Du tek initiativ og har lyst til å lære og utvikle deg
  • Du har interesse for og forståing for menneske med samansette behov
  • Du møter andre med respekt, tolmod og omsorg
  • Du er påliteleg, arbeidsom og tar ansvar

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Vi tilbyr


  • Ein meiningsfull jobb der du bidreg til at andre får ein betre kvardag
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
  • Varierte arbeidsdagar der ingen dagar er heilt like
  • Dyktige og støttande kollegaer som spelar kvarandre gode
  • God forsikrings- og pensjonsordning

Velkomen som søkjar – me gler oss til å høyre frå deg!


I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Du må legge fram politiattest før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

 

 

Kontaktinformasjon

Kyrre Saupstad, Avdelingsleiar psykisk helse og rus, +47 46618242, [email protected]

Arbeidsstad

Vinjevegen 230
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5144104707
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Søknadsfrist: 16.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV