Bioingeniør
Søknadsfristen er i morgen
Om stillingen
Vil du jobbe som bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?
Som bioingeniør ved Laboratoriet i Odda er du tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen.
Er du 3.-årsstudent? Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år: https://shortlink.uk/1rGZ1
Odda byr på trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt. Les meir om kva Odda har å by på: https://shortlink.uk/1rGZk
Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld.
👉 Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.
Kva går jobben ut på?
- Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
- Blodprøvetaking
- Tapping og produksjon av blod
- Enkle mikrobiologiske analysar
- Delta i vaktordning
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- Jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet – også når det er mykje å gjere
- Tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
- Kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode
Kvifor skal du velje oss?
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Hjelp til bolig
- Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, [email protected]Arbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 ODDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5145967227
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026