Laboratorierådgjevar - Noklus

Noklus Møre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF Hjelset , Molde , Møre og Romsdal , Opdølvegen 4 , 6450 Ålesund , Møre og Romsdal , Åsehaugen 5 , 6017 Vikariat / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-23
Publisert:
2026-07-08

Omtrent én uke igjen

Om stillingen

Noklus Møre og Romsdal har ledig eit 50% vikariat frå 1. september 2026, eller etter avtale. Vikariatet er for seks månader, med moglegheit for forlenging. 

Noklus arbeider for at laboratorieundersøkingar blir rekvirert, utført og tolka korrekt og i samsvar med pasienten sitt behov for utgreiing, behandling og oppfølging.

Sjå: https://www.noklus.no/

Noklus Ålesund og Molde er organisatorisk tilknytta Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank i helseføretaket. Kontorstad for stillinga vil vere Hjelset, alternativt Ålesund, etter avtale. 

Vitnemål og attestar/tenestebevis må lastast opp som vedlegg til CV/søknad.


Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåvene inneber veiledning og undervisning i laboratoriearbeid for legekontor, sjukeheimar og heimetenester i Møre og Romsdal. Dette skjer mellom anna gjennom møter, undervisning og arrangering av kurs.
  • Stillinga krev stor grad av sjølvstendig arbeid.
  • Den som blir tilsett, må rekne med ein del reiseaktivitet og bruk av eigen bil.

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som bioingeniør.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå sjukehuslaboratorium innan medisinsk biokjemi og/eller mikrobiologi.
  • Du er ein erfaren blodprøvetakar.
  • Pedagogisk utdanning og erfaring med opplæring og rettleiing vil vere ein fordel.
  • Du har svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du har gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du har god kompetanse i bruk av IT-verktøy og presentasjonsprogram.

Personlege eigenskapar

  • Du er imøtekomande og serviceinnstilt.
  • Du er sjølvstendig, fleksibel og handterer fleire oppgåver samtidig.
  • Du er ansvarsmedviten og strukturert.
  • Du arbeider effektivt og handterer eit høgt arbeidstempo.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Personleg eignaheit blir lagt vekt på.

Vi tilbyr

  • Eit landsomfattande og inspirerande samarbeid i Noklus.
  • God opplæring - høgt fagleg nivå.
  • Kontakt med andre yrkesgrupper.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med gode høve til fagleg utvikling.
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar.
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring.
  • Ein arbeidsplass i ei inkluderande verksemd.

Kontaktinformasjon

Marie Nora Roald, Avdelingssjef, +47 41570968, [email protected]
Anja Haukeberg, Labratorierådgjevar, 70167766, [email protected]

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5153995824
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 23.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV