Tilkallingsvikarar

Ytre Haram omsorgsdistrikt Brattvåg , Haram , Møre og Romsdal , Storgata 20 , 6270 Engasjement / Deltid
Søknadsfrist:
2027-01-31
Publisert:
2026-03-30

Om stillingen

Ytre Haram omsorgsdistrikt søkjer etter tilkallingsvikarar. Vi søkjer deg som kan stille opp ved behov, og som ønskjer å bidra til at brukarane våre får gode og trygge tenester.

Ytre Haram omsorgsdistrikt består av Haram omsorgssenter, Ytre Haram og Nordøyane heimetenstedistrikt og to dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. 

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorg til brukarar
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på å følgje faglege retningslinjer
  • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Helsepersonell og personar utan utdanning kan søkje
  • Førarkort klasse B for stilling i heimetenesta
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Likar å jobbe med menneske
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Tek ansvar og samarbeider godt
  • Møter andre med respekt og varme
  • Kan jobbe sjølvstendig når det trengst
  • Må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Godt humør og ei positiv framtoning
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme

Vi tilbyr

  • Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte
  • Stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på
  • Variert arbeid i møte med mange ulike menneske
  • God opplæring
  • Moglegheit for vidare vikaroppdrag og sommarjobb
  • Løn etter tariff   

Kontaktinformasjon

Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, [email protected]

Arbeidssted

Storgata 20
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Haram kommune

Referansenr.: 5101749617
Stillingsprosent: 0%
Engasjement
Søknadsfrist: 31.01.2027

Datakilde: Data hentet fra NAV