ID 1069 Miljøterapeut/miljøarbeidar 70 % vikariat bustad Øvrebygda

Sted
Fitjar
Stillingstype
Vikariat / Deltid
Søknadsfrist
2026-09-06 · Omtrent én uke igjen
Publisert
2026-08-17

Om stillingen

Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til ein annan? Bli miljøterapeut i Øvrebygda!

Kommunen søkjer etter miljøterapeut/miljøarbeidar i vikariat til bustad i Øverbygda for bebuar med ulike hjelpebehov kor det er 1-1 bemanning.

Vikariatet gjeld frå medio august 2026 til medio august 2027, med moglegheiter for forlenging.

Stillinga inneber arbeid i turnus med langvakter og sovande nattevakter, og arbeid kvar 4. helg. Den som vert tilsett vil få moglegheiter til å ta ekstravakter.

Kvalifikasjonar:

Person med bachelorutdanning i vernepleie, sjukepleie, eventuelt anna relevant høgskule utdanning eller fagarbeidar. Studentar i relevante fag er også velkomen til å søkje.

  • Du har evne til å formidla ro og fred rundt seg
  • Du trivast med å jobbe sjølvstendig, og i team
  • har godt humør og tek uforutsette hendingar som ei utfordring
  • har interesse for å skape eit godt samarbeid mellom bebuar, pårørande og tilsette
  • er fleksibel og ein ressurs i arbeidsmiljøet
  • likar å vere aktiv saman med bebuar
  • Har sertifikat på bil

Menn vert oppmoda om å søkje.

Det er ønskjeleg med røynsle frå liknande arbeid.

Personlege eigenskapar, samarbeidsevne og fleksibilitet vil verte vektlagd.

Arbeidsoppgåver:

Fylgja og vegleia bebuar i daglege gjeremål.

Fitjar Kommune kan tilby :

  • Løn etter kommunal hovudtariffavtale

  • God forsikring- og pensjonsordning

  • Godt arbeidsmiljø

  • Vegleiing, og opplæring

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju.

Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.

Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å kontakta avdelingsleiar Ane Huus Edvardsen tlf: 40493971, eller einingsleiar Lillian K Vik tlf: 97466296

Datakilde: NAV Arbeidsplassen