Brenn du for nettverk, automasjon og moderne infrastruktur?
Omtrent 2 uker igjen
Om stillingen
Helse Vest IKT leverer teknologi- og plattformtenester som understøttar spesialisthelsetenesta på Vestlandet. I avdelinga Sky bygger og vidareutviklar vi ei hybrid skyplattform som gir sjukehusa ei trygg, moderne og effektiv plattform for dagens og framtidas behov.
No søker vi ein nettverksspesialist som vil vere med å utvikle skyplattforma vår. Du blir ein del av Datasenter-teamet, som har ansvar for datasenter, nettverk, lagring og den underliggande infrastrukturen skyplattforma byggjer på.
Hos oss blir du ein del av eit breitt fagmiljø der datasenter, nettverk, Kubernetes, automatisering og offentleg sky blir levert som éi samla skyplattform. Vi jobbar i produktorienterte team med høg grad av eigarskap, samarbeid og kontinuerleg forbetring.
Vi ser etter deg som brenn for nettverksfaget, likar å automatisere og forenkle, og som ønsker å vere med på å forme framtidas plattformtenester. Hos oss får du jobbe med infrastruktur som er avgjerande for pasientbehandlinga i Helse Vest, saman med dyktige kollegaer i eit miljø prega av tillit, kunnskapsdeling og kontinuerleg læring.
Arbeidsstad er i Stavanger eller i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Ha ei sentral rolle i drift, forvaltning og vidareutvikling av datasenternettet.
- Automasjon av konfigurasjon og endringar.
- Vere fagleg rådgivar og drive arkitekturval og strategisk vidareutvikling av nettverksløysingane i datasentera.
- Arbeide med GitOps og kunnskapsdeling for å sikre effektive og standardiserte arbeidsprosessar.
- Drive kontinuerleg forbetring av IKT-sikkerheit innan nettverksområdet.
- Bidra til kompetansedeling, fagutvikling og vidareutvikling av eit sterkt nettverksfagleg miljø.
Kvalifikasjonar
Må-krav
- Høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan IT. Solid relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Solid erfaring og kunnskap innan nettverksfaget.
- Du kan sikkerheitsklarerast i samsvar med Verksemdsforskrifta § 69.
- Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Ønskjelege kvalifikasjonar
- Erfaring med Cisco Nexus-plattforma.
- Relevante sertifiseringar innan nettverk og infrastruktur.
- Erfaring med Ansible, Terraform eller tilsvarande løysingar for automatisering.
- Erfaring frå drift av større og komplekse IT-miljø.
Personlege eigenskapar
- Du er ansvars- og kvalitetsbevisst med høg grad av integritet.
- Du kan jobbe sjølvstendig og tverrfagleg med komplekse oppgåver.
- Har eit framtidsretta tankesett, og er nysgjerrig på teknologi og open for nye utfordringar.
- Har respekt for andre sine tankar og meiningar.
- Er hjelpsam, kunnskapsrik og trivst med å dele kompetanse og bidra til fagleg utvikling i teamet.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe med teknologi som støttar livsviktige tenester og bidreg til ei trygg og moderne helseteneste? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Hos oss får du:
- Ei sentral rolle i utviklinga og drifta av ein av Noregs mest komplekse og samfunnskritiske IT-infrastrukturar.
- Moglegheit til å arbeide med moderne teknologi og løysingar i stor skala.
- Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver med stor påverknad på tenestene vi leverer til sjukehusa på Vestlandet.
- Opplæring, sertifiseringar og kurs innan fagområda du skal arbeide med.
- Tett samarbeid med dyktige kollegaer på tvers av teknologi- og fagmiljø.
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkludert lunsj.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med høg trivsel og godt kollegialt samhald.
- Løn etter avtale.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ivan Dyb Holmedal, Seksjonsleiar, +47 90 60 22 28Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 5152981442
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026