Sjukepleiar nattevakt
Søknadsfristen er i morgen
Om stillingen
Avdeling Hovud-Hals og Auge har ledig fast 65 % nattevakt stilling som sjukepleiar.
Likar du ein spennande, variert og lærerik kvar dag i eit godt arbeidsmiljø? Det kan vi tilby.
Sengeposten har 27 senger og inneliggjande pasientar over 18 år. Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt teamarbeidsklima og arbeidsmiljø i avdelingen vår.
Det blir planlagt ønsketurnus og moglegheit for langvakter.
Du kan gjerne sjå bilete på vår Instagram side "hovud/hals/auge" og sjå video av avdelinga vår på Helse Bergens Instagram side.
Arbeidsoppgåver
- Pre- og postoperativ sjukepleie
- Utøve sjukepleie, observasjon og behandling til pasientane
- Samarbeide med pleiepersonell og legar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel
- Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Positiv og løysingsorientert
- Ansvarsbevisst og fleksibel
- Fagleg engasjert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler
- Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Spennande avdeling med høgt fagleg nivå innen fleire fagfelt med stor variasjon i sjukepleiefaglege prosedyrar
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Kjersti Kleppestø Walde, Seksjonsleiar, +47 55973502Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5153852166
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026