Kommunal fysioterapeut
Omtrent 2 uker igjen
Om stillingen
Stranda kommune har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut frå 01.11.2026.
Fysioterapeuten er organisert under helsetenesta. Stranda kommune har 3 fysioterapeutar med driftstilskot i tillegg til den kommunale fysioterapeuten.
Den kommunale fysioterapeuten gir tilbod til brukarar i heile livsløpet.
Fysio- og ergoterapeuten i Stranda kommune er samlokalisert og har eit tett samarbeid. Kontorstad er både ved helsestasjonen og ved Stranda omsorgssenter.
Stranda kommune har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der.
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn 3 månadar.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og koordinering innan rehabilitering
- Funksjonsvurdering
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Koordinering av ansvarsgrupper
- Førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen
- Rettleiing av kollegaer, pasientar og pårørande
- Planlegge og organisere eigen arbeidskvardag
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som fysioterapeut
- Erfaring som fysioterapeut frå kommunehelsetenesta
- Erfaring innan rehabilitering og tverrfaglig samarbeid
- Gjerne erfaring med arbeid med barn; både forebyggande og behandlande arbeid
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Gode tverrfaglege samarbeidsevner
- Fagleg engasjert
- Strukturert, fleksibel og omgjengeleg
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Evne til omstilling
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og variert arbeidskvardag, som du sjølv kan vere med på å utvikle og prege.
- Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Uformelt og godt arbeidsmiljø
- Gode pensjon- og forsikringsordningar
- Nedbetaling av studielån om du bur i Stranda kommune.
Kontaktinformasjon
Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5161603052
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.08.2026