Maskinsjef - region Vestland
Omtrent 4 uker igjen
Om stillingen
I denne stillinga vil du tenestegjere på ulike samband i region Vestland. Du blir ein viktig ressurs som bidreg til kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire fartøy og samband ved behov. Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir ein god balanse mellom jobb og fritid.
Som maskinsjef vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag med ulike fartøy, ruter og driftsutfordringar. Dette krev at du er fagleg trygg, sjølvstendig og tilpassingsdyktig. Du trivst med nye utfordringar, handterer endringar på ein god måte og evnar å ta raske og gode avgjerder når situasjonen krev det.
For å kunne utføre stillinga er det nødvendig at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand til sambanda i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale, og arbeidsgivar dekkjer reisekostnader utover 15 km mellom bustad og arbeidsstad.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer brei erfaring frå fleire fartøy og samband. Du får arbeide saman med dyktige kollegaer på tvers av regionen, samtidig som du utviklar kompetansen din i eit variert og fagleg spennande miljø.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande. Vi tilset fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring, teknisk vedlikehald og dokumentasjon, forbrukskontroll, reinhald og brannførebygging, og blir utført i tråd med gjeldande stillingsinstruks.
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat.
- FSE e- læringskurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseerklæring.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
- Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Skiftordning: 84t avtale, 2 veke på og 2 veker av.
- Gode velferdsordningar: som mulegheita for å leige hytter og leiligheiter, og gode rabattordningar.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected]Arbeidssted
Strandkaien5013 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5168124491
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2026