Sjøvakt 2:2 turnus

Maritim Drift, Fjord1 AS Fedje , Vestland , 5947 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-26
Publisert:
2026-08-12

Omtrent én uke igjen

Om stillingen

Fjord1 har no ei ledig stilling som dekkssjef i sambandet Fedje-Sævrøy, pt. trafikkert av vår flotte el-ferje MF Fedjebjørn. 

Turnusordninga er 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord. 

Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir bred erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs.

Arbeidsgjevar dekker reiseutgifter mellom heim og arbeidsstad etter dei retningslinjene som er fastsette.

Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart så snart som mogleg. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. 


Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for sikker drift av skip, tydeleg og trygg leiar ovanfor mannskap.
  • Ansvar for at fartøy driftast i henhald til styringssystem, lovar og forskrift.
  • Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
  • Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks dekkssjef.

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling
  • Ferdigheitssertifikat HMOB
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig

Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

  • Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef/overstyrmann med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
  • Sjøvakt: 2 veker på og 2 veker av
  • Ein bur om bord i arbeidsperioden.
  • Reise til/fra jobb vert dekt av arbeidsgjevar
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected]

Arbeidssted


5947 Fedje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5164033817
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV