Overlege med ansvar for LIS-utdanning

Utdanning- og kompetanseavdeling Haugesund , Rogaland , Karmsundgata 77 , 5531 Fast / Deltid
Søknadsfrist:
2026-09-06
Publisert:
2026-08-11

Omtrent 3 uker igjen

Om stillingen

Vil du vere med og forme framtidas LIS-utdanning i Helse Fonna?

Som koordinerande utdanningsansvarleg overlege får du ansvar for å utvikle og kvalitetssikre LIS-utdanninga i Helse Fonna. Du blir eit viktig bindeledd mellom fagmiljøa, leiinga, utdanningsutvalet og regionale samarbeidspartnarar – og får påverke korleis vi legg til rette for ei heilskapleg og fagleg solid spesialistutdanning.

Utdanning er ei av kjerneoppgåvene i spesialisthelsetenesta. Helse Fonna har ansvar for det faglege innhaldet og den praktiske gjennomføringa av spesialistutdanninga for legar i føretaket. Målet er at legar i spesialisering skal få utdanningsløp med høg fagleg kvalitet, god progresjon og føreseielege rammer.

Du skal leie Helse Fonna sitt utdanningsutval for legar i spesialisering og representere føretaket i det regionale utdanningssenteret RegUt. Gjennom samarbeid med fagmiljø i og utanfor Helse Fonna bidreg du til å vidareutvikle utdanninga både lokalt og regionalt.

👉 Vil du bruke erfaringa di til å forme gode utdanningsløp for framtidas legespesialistar? Då håpar vi du søkjer.


Kva går jobben ut på?

Som koordinerande utdanningsansvarleg overlege skal du:

  • koordinere, kvalitetssikre og vidareutvikle LIS-utdanninga i Helse Fonna
  • sikre at utdanningsløpa er i tråd med lokale, regionale og nasjonale krav og føringar
  • bidra til god fagleg kvalitet og progresjon i dei ulike spesialiseringsløpa
  • ha ansvar for introduksjonskurs for LIS1
  • bidra til å koordinere og vidareutvikle undervisningsopplegg for legar i spesialisering
  • sikre god og tilgjengeleg informasjon om LIS-utdanninga i føretaket

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Fullført spesialistutdanning og erfaring som spesialist.
    • Det er ønskjeleg med erfaring frå LIS-utdanning, rettleiing eller kvalitetsutvikling.
    • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
    • God digital kompetanse

    Kva ser vi etter hos deg?

    Vi ser etter deg som samarbeider godt og byggjer gode relasjonar på tvers av fagmiljø. Du arbeider strukturert og målretta, tek initiativ og følgjer opp oppgåver til dei er gjennomførte. Du kommuniserer tydeleg, involverer andre og får folk med deg i utviklingsarbeidet. Samtidig har du blikk for både heilskapen og behova i dei enkelte utdanningsløpa.

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

    Kvifor skal du velje oss?

    Hos oss får du:

    • Meiningsfulle oppgåver innan utdanning og kvalitetsutvikling.
    • Høve til å påverke korleis vi legg til rette for framtidas legespesialistar.
    • Samarbeid med fagmiljø både i og utanfor Helse Fonna.
    • Eit utviklingsorientert og godt arbeidsmiljø.
    • Fleksibel arbeidstid.

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Finn Arve Åsbu, Avdelingsleiar, 52732085, [email protected]

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 77
    5531 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5159393255
    Stillingsprosent: 50%
    Fast
    Søknadsfrist: 06.09.2026

    Datakilde: Data hentet fra NAV