Tilkallingsvikar Hjellbakkane barnehage

Hjellbakkane Barnehage Volda , Møre og Romsdal , Gamletufta 3 , 6104 Engasjement / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-23
Publisert:
2026-07-06

Omtrent én uke igjen

Om stillingen

Hjellbakkane barnehage søkjar etter tilkallingsvikarar.

Bli med å få verdas viktigaste verdiar til å vokse, i eit trygt fellesskap!!

Hjellbakkane barnehage har som mål at alle barn skal oppleve bevegelses glede og glede i samhandling med kvarandre og naturen kvar dag. Barna skal få gode opplevingar, og vi ynskjer at dei skal ta med seg gode vanar og erfaringar vidare i livet. Hjellbakkane barnehage flyttar heile barnehagen ut til ein anna lokasjon 5 veker i året (2 på hausten, 1 på vinteren og 2 på våren), so eit engasjement for friluftsliv og natur er nødvendig når ein er i vår barnehage.

Vi ynskjer tilkallingsvikarar som bidrar og gir av seg sjølv, som setter barnet i fokus, og vil vere med å skape gode og innhaldsrike kvardagar for barna.

Vi søkjer deg som kan tiltre raskt i stillinga og som oppfyller følgande kompetansekrav:

  • Gode allmennkunnskapar.

  • Stor interresse for friluftsliv og natur.

  • Interesse for arbeid med barn.

  • Samarbeidsevne og fleksibilitet.

  • God kommunikasjonsevne.

Personlege eigenskapar

  • Hjarte for barn

  • Relasjonsorientert

  • Løysingsorientert og fleksibel

  • Stort engasjement og positiv haldning

  • Raus og tydeleg, leken og ambisiøs

Vi tilbyr

  • Attraktivt pedagogisk konsept (Skogsmulle pedagogikken)

  • Aktivt fagmiljø og engasjerte kollegaer

  • Godt arbeidsmiljø med fleire menn i barnehagen

  • Tariffavtale (PBL)

Politiattest må framleggas før tilsetting.

Datakilde: Data hentet fra NAV