Fast stilling på helg ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3

Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF Bergen , Vestland , Sandviksleitet 1 , 5036 Fast / Deltid
Søknadsfrist:
2026-09-06
Publisert:
2026-07-29

Omtrent 3 uker igjen

Om stillingen

Har DU lyst på nye utfordringar?  Er du student innan helsefag?

Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.

Vi har ledig 14% faste helgstillingar med arbeid pt. kvar 3. helg med oppstart etter nærare avtale. 

Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.


Arbeidsoppgåver

  • Følge opp pasientar sin behandlingsplan
  • Bygge relasjonar til pasientane
  • Bidra til eit trygt og forutsigbart postmiljø
  • Praktiske oppgåver
  • Ansvarsvakt (sjukepleiar/vernepleiar)
  • Administrering av medisinsk behandling (sjukepleiar/vernepleiar)
  • Planlegge og sette i verk behandlingsplanar og miljøtiltak (sjukepleiar/vernepleiar)

Kvalifikasjonar

  • Studentar innan helsefag, psykologi og sosialfag kan gjerne søke
  • Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha norsk autorisasjon
  • Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Vi ønsker medarbeidarar som:

  • har respekt for kvar enkelt pasient
  • er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
  • har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/ eller agiterte pasientar
  • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
  • trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
  • ønsker og evner å motta rettleiing

Vi tilbyr deg:

  • Eit dynamisk miljø med mange utfordringar og læresituasjonar
  • Kursing i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
  • Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervisning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Mari Lerum, Seksjonsleiar, 55958722
Janne Sandøy, Assisterende seksjonsleder, 55958620

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5151970957
Stillingsprosent: 14%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV