Vikariat undervisningsstilling 150 % – engelsk - Bryne vgs
Omtrent 3 uker igjen
Om stillingen
Vi ser et deg som har følgjande kvalifikasjonar:- Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i aktuelle fag, og det er ein fordel med godkjend praktisk pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest
- Gode norskkunnskapar
Vi ser etter deg som:
- Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
- Ein tilsett som er open og samarbeidsorientert, og som er ein kreativ formidlar med godt humør
- At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
- At du har gode digitale ferdigheiter
Hos oss kan du sjå fram til mykje bra, og vi tilbyr:
- Ein jobb med meining
- Utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
- Høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Ein stabil og trygg arbeidsgivar
- Gode faglege utviklingsmoglegheiter
- Offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Vårt samfunnsoppdrag
Rogaland fylkeskommune står framfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»forpliktar vi oss til å vere ein drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen ligg til grunn for alt vi gjer, og speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.
Rogaland fylkeskommune vil mellom anna:
- bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentrum og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy
- sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket
- bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging
- bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som tek omsyn til både effektiv arealbruk og bustadmangfald
- arbeide for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt
Søknaden din bør innehalde:
- Søknadsbrev
- CV
- Vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar
- Dersom du har utdanning frå utlandet: godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)
Korleis søkje på stillingar hos oss:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Vi set stor pris på innsatsen du legg i søknaden din, og vi blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!
Jobb med meining
Jobb med meining
Video: https://youtu.be/gLB4c74XJ24