Har du lyst å gjera "heima best" til ein realitet for våre tenestemottakarar ?
Omtrent 2 uker igjen
Om stillingen
Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter.
- 100% fast stilling
Arbeidsstad:
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Kuhnletunet bustader er eitt av våre ni bufellesskap.
Kuhnletunet bustader er ikkje berre ein arbeidsplass, vi er ryggrada i kvardagen til ein herleg gjeng med ulike behov, draumar og personlegheitar.
Arbeidsoppgåver
Hos oss skal jobben handla om livskvalitet.
- Miljøterapi i særklasse: Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med primærkontaktansvar
- Fagleg frontfigur : Du får ansvar for tiltaksplanar, oppfølging av Hol kap. 9, og syta for, saman med dine kollegaer, for at vi alltid held høg kvalitet
- Glede og meistring: Du legg til rette for meistring og aktivitet ut ifrå tenestemottakarane sine eigne premisser
- Samarbeid: Du jobbar tett med alle våre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har sosialfagleg-eller pedagogisk utdanning på bachelornivå med relevant erfaring fra målretta miljøarbeid og kompetanse knytt til atferdsutfordringer. Kompetanse og erfaring innen geriatri og arbeid med eldre er også relevant og vil bli vektlagt.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din erfaring, vidareutdanning og kjennsskap til brukargruppa.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her