Tilkallingsvikarar
Om stillingen
Vil du ha ein jobb som verkeleg betyr noko?
Bli tilkallingsvikar i miljøtenesta!
Midt-Telemark kommune søkjer deg som vil bruke tid, omsorg og engasjement på menneske som treng det – og få ein meiningsfull jobb tilbake.
Hos oss jobbar du tett på menneske – barn og vaksne med nedsett funksjonsevne – og bidreg til gode dagar fylt med meistring, trivsel og utvikling. Ingen dagar er heilt like, og du får både utfordringar, glede og verdifulle erfaringar.
Kvifor velje oss?
Ein jobb som gir ekte meining
Du blir kjent med flotte brukarar og gode kollegaer
Perfekt som ekstrajobb eller erfaring innan helse og sosial
Gode moglegheiter for læring og utvikling
Her treng vi deg:
Bufellesskapa:
Solbakken
Grauteknapp
Notevarp
Grivihaugen
Arbeidsoppgåver
Kva går jobben ut på? Og du blir ein viktig del av kvardagen til bebuarane våre:
- Hjelpe med daglege gjeremål
- Skape trygge og gode rammer
- Bidra til meiningsfulle aktivitetar
- Jobbe målretta med miljøarbeid
- Arbeidstid er variert (dag, kveld, natt og langvakter).
Kvalifikasjonar
Ønska kvalifikasjonar/kompetanse:- Helsefagarbeider, vernepleier, anna helse og sosialfagleg utdanning
- Ønskelig med erfaring frå miljøarbeidarbeid retta mot barn og vaksne med nedsatt funksjonsevne.
Særskilde krav:
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
Du treng ikkje vere «ferdig utlært» – det viktigaste er kven du er:
- Duer trygg, tolmodig og til å stole på
- Du har lyst til å hjelpe andre
- Du held roen også når det blir utfordrande
- Du kommuniserer godt med både brukarar og kollegaer
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Torunn Hesthag, Einingsleiar, +47 45438072Arbeidsstad
Skrivarvegen 2B3810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5134491417
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2026