Forskningssjukepleiar
Omtrent 2 uker igjen
Om stillingen
Medisinsk poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig ei 40% prosjektstilling som forskingssjukepleiar i to år, med moglegheit for forlenging.
Det er eit nasjonalt mål å gi fleire pasientar høve til å delta i kliniske studiar og utprøvande behandling. Helse Førde arbeider målretta for å byggje opp ein god infrastruktur for dette, i tråd med nasjonale føringar.
Som forskingssjukepleiar blir du ein del av eit team som arbeider med å utvikle og gjennomføre kliniske studiar. Du vil bidra til at Helse Førde kan gjennomføre fleire studiar på ein effektiv, trygg og profesjonell måte.
Arbeidsoppgåver
- Delta i planlegging, kvalitetssikring og gjennomføring av kliniske studiar for ulike diagnosar
- Oppfølging av pasientar som deltek i kliniske studiar
- Vere koordinerande ressursperson for pasientar, pårørande og anna helsepersonell
- Undervisning og rettleiing (til samarbeidande personale)
- Polikliniske konsultasjonar med lege og eigne sjukepleiarkonsultasjonar
- Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Sikre god kvalitet på studiedata gjennom god dokumentasjon og rapportering
- Delta i utviklingsarbeid med omsyn til kliniske studiar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskjeleg med erfaring frå klinisk forsking, særleg kliniske studiar
- Ønskjeleg med erfaring frå pasientbehandlig på sjukehus
- Gode digitale ferdigheiter
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Initiativrik og engasjert
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide på tvers av fagmiljø
- Gode kommunikasjonsevner
- Fleksibel og løysingsorientert
- Ansvarsbevisst
- Personleg eignaheit vil verte vektlagd
Vi tilbyr
- Nødvendig opplæring
- Eit spanande og dynamisk arbeidsmiljø
- Moglegheiter for kompetanseutvikling
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring i forskningsspesifikke program
- Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass med inkluderande arbeidsliv (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Line Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, (+47) 910 08 356Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5163420515
Stillingsprosent: 40%
Engasjement
Startdato: 07.09.2026
Sluttdato: 06.09.2028
Søknadsfrist: 31.08.2026