Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt?

Øygarden kyrkjelege fellesråd Straume , Øygarden , Vestland , Austre Skiftedalsveg 25 , 5354 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-30
Publisert:
2026-06-30

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt? Brenn du for å leie og inspirere ungdom i trua? Ønskjer du å skape eit levande og inkluderande fellesskap der ungdom kan vekse, utvikle seg og finne sin plass i kyrkja?

Vi søkjer etter ein engasjert ungdomsprest som kan ta åndeleg og strategisk leiaransvar for ungdomsarbeidet vårt. Gjennom undervisning, fellesskap, relasjonsbyggjing og oppfølging vil du vere med å utruste ungdom og medarbeidarar.

Som ungdomsprest blir du ein del av det tverrfaglege teamet i Foldnes sokn, med hovudbase i Foldnes kyrkje. Her får du vere med på eit mangfaldig og aktivt kyrkjelydsarbeid som når ut til alle aldersgrupper. Foldnes sokn har 8613 medlemmer, der 1660 er under 18 år. Vi jobbar etter visjonen: Di kyrkje for alle dagar. Du vil samarbeide tett med eit dyktig sokneteam sett saman av sokneprest, diakonimedarbeidar, kyrkjetenar, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og organist.

Kyrkjelydane Fjell, Foldnes og Landro samarbeider om delar av ungdomsarbeidet, her vil ungdomspresten ha eit overordna ansvar. I tillegg blir du ein del av «Seksjon for barn og unge» – eit fellesskap av 15 engasjerte medarbeidarar frå heile fellesrådet. Vi møtast jamleg for fagleg påfyll, erfaringsdeling, lagbygging og inspirasjon.

Er du klar for å vere med på å skape eit engasjerande og trygt fellesskap der ungdom kan oppdage og leve ut si kristne tru? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!


Arbeidsoppgåver

  • Åndeleg leiing av ungdomsarbeidet
  • Strategisk leiing og visjonsarbeid
  • Involvering av ungdom i gudstenesta
  • Hovedkontakt for konfirmantåret
  • Ansvar for konfirmantundervisning i team saman med sokneprest, ungdomsarbeidar og pedagog 
  • Gudstenestearbeid
  • Leiarutvikling for ungdom
  • Leirar
  • Etablere og organisere bibelgrupper eller andre grupper/tiltak for tweens og ungdom
  • Oppfølging av medarbeidarar knytt til ungdomsarbeidet (tilsette og frivillige)
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak og arrangement

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein kandidat som er ordinert prest eller som i nær framtid skal ordinerast til presteteneste i Den norske kyrkja
  • Anna pedagogisk og/eller teologisk/kristendomsfagleg utdanning på bachelornivå kan vurderast 
  • Erfaring frå arbeid blant unge i kyrkja er ønskjeleg
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner på norsk, munnleg og skriftleg
  • Søkar må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Søkar må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
  • Den som vert tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest i tråd med Trossamfunnsloven § 20)

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, vil òg kandidatar som kvalifiserer for ordninga Prest under utdanning (PPU), bli vurderte. I så fall må du leggje fram stadfesting frå studiestaden på at du har fått plass på erfaringsbasert master. Du kan ha maksimalt 120 studiepoeng att før du oppfyller krava til vigsling til presteteneste (jf. tenesteordning for prestar § 3). Det må reknast med bindingstid, normalt to år. Ta kontakt dersom du ønskjer meir informasjon.

Personlege eigenskapar

  •  Støttande og visjonær
  • Gode relasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert, sjølvstendig
  • Evne til langsiktig tenking
  • Initiativrik og ansvarleg

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap
  • Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
  • Pensjonsmedlemskap i KLP Anna
  • Vi legg vekt på søkarar sine personlege eigenskapar, og at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i teamet utfyller kvarandre.
  • Kvelds- og helgearbeid må påreknast.
  • Administrasjonsspråket i Øygarden kyrkjelege fellesråd er nynorsk.
  • Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga.

Kontaktinformasjon

Rannveig Vestbøstad Vik, Seksjonsleiar for barn og unge, 415 07 011

Arbeidssted

Austre Skiftedalsveg 25
5354 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5151681529
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV