Sjukepleiar/nevrofysiologiteknikar

Nevro og revma poliklinikk, Helse Førde Førde , Sunnfjord , Vestland , Svanehaugvegen 2 , 6812 Fast / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-16
Publisert:
2026-07-09

Søknadsfristen er i morgen

Om stillingen

Har du interesse for nevrologi og ønskjer å arbeide med mellom anna klinisk nevrofysiologi?

Ved Nevro- og revmapoliklinikk har vi ledig ei 70 % fast stilling frå 1. oktober 2026.

Stillinga er primært knytt til fagfeltet nevrologi og klinisk nevrofysiologi (KNF), og gir høve til å arbeide i eit spennande og utviklande fagmiljø med høg kompetanse. Vi samarbeider tett med Avdeling for klinisk nevrofysiologi ved Nevroklinikken på Haukeland universitetssjukehus.

Vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der medarbeidarane trivst, utviklar seg og spelar kvarandre gode. Hos oss får du dyktige kollegaer, god opplæring og tett oppfølging i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og fagleg nysgjerrigheit.

For søkjaraar som ønskjer høgare stillingsprosent, kan stillinga kombinerast med helgestilling ved Nevrologi- og rehabiliteringssengeposten slik at samla stillingsstorleik kan bli 100 %.


    Arbeidsoppgåver

    • Utføre klinisk nevrofysiologiske undersøkingar, hovudsakleg elektroencefalografi (EEG) og nevrografi (NCV)
    • Assistere ved og utføre polikliniske prosedyrar
    • Klargjere, følgje opp og informere pasientar i samband med undersøkingar
    • Arbeide sjølvstendig og bidra i tverrfagleg samarbeid i eit fagmiljø med både praktiske og teoretiske arbeidsoppgåver
    • Delta i øvrige oppgåver ved Nevro- og revmapoliklinikken
    • Dokumentere og registrere i elektronisk pasientjournalsystem
    • Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i seksjonen

    Kvalifikasjonar

    • Vi ønskjer primært ein offentleg godkjend sjukepleiar, men søkjarar med anna relevant utdanning kan også søkje
    • Erfaring innan nevrologi og/eller klinisk nevrofysiologi er ein fordel, men ikkje eit krav
    • Gode IT-kunnskapar og teknisk forståing
    • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

    Personlege eigenskapar

    • Du er teknisk anlagt, har god digital kompetanse og likar å setje deg inn i ny teknologi
    • Du har gode kommunikasjonsevner og eit tydeleg pasientfokus
    • Du har gode samarbeidsevner, fagleg interesse og engasjement
    • Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samtidig som du fungerer godt i team
    • Du er fleksibel og trivst med høgt arbeidstempo
    • Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø

    Vi tilbyr

    • God opplæring.
    • Strukturert oppleæring innan klinisk nevrofysiologi
    • Rettleiing og fagleg støtte frå erfarne kollegaer
    • Høgt fagleg nivå
    • Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
    • Mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar

     

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Anne Marit Sølvberg Rygg, Avdelingssjef, (+47) 958 25 538
    Elin Ese, Seksjonsleiar, (+47) 986 04 663

    Arbeidssted

    Svanehaugvegen 2
    6812 Førde

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5154244635
    Stillingsprosent: 70%
    Fast
    Startdato: 01.10.2026
    Søknadsfrist: 16.08.2026

    Datakilde: Data hentet fra NAV