Teiknspråkspedagog

Klepp kommune, Bore Skule Kleppe , Klepp , Rogaland , Verdalsvegen 31 , 4351 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-30
Publisert:
2026-08-04

Om stillingen

Vil du bidra til å skape eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for alle elevar?

Me søker ein engasjert og kompetent teiknspråkspedagog som ønskjer å bidra til elevar si faglege, språklege og sosiale utvikling. Stillinga inneber arbeid med elevar som har behov for opplæring i og på norsk teiknspråk, samt tett samarbeid med foresatte, pedagogisk personale og eksterne samarbeidspartnarar.

Ved Bore skule har me ledig ei 100% fast stilling som teiknspråkspedagog. Me søkjer deg som brenn for teiknspråkleg språkutvikling, formidling og tilrettelegging.


Arbeidsoppgåver

- Planleggje, gjennomføre og evaluere opplæring i og på norsk teiknspråk

- tilretteleggje for eit inkluderande læringsmiljø som fremjar læring, deltaking og trivsel

- rettleie andre tilsette i bruk av teiknspråk og kommunikasjonsstøttande tiltak

- bidra til utvikling av skulen sin kompetanse innan teiknspråk og inkluderande praksis

- samarbeide tett med foresatte, PPT, Statped og andre relevante instansar

- delta aktivt i profesjonsfellesskapet og skulen sitt utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

- Godkjent pedagogisk utdanning

- Teiknspråkskompetanse og/ eller utdanning innan norsk teiknspråk, teiknspråkpedagogikk

- Erfaring frå arbeid med banr og unge

- God kompetanse i tilpassa opplæring og inkluderande pedagogikk

- Gode munnlege, skriftlege og teiknspråklege kommunikasjonsevner

Personlege eigenskapar

- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

- Du er engasjert, fleksibel og løysningsorientert i møte med ulike behov

- Du evner å arbeide sjølvstendig, men trivst også godt i tverrfaglege team

- Du er oppteken av eleven si læring, utvikling og meistring.

- Du bygg gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer

- Du arbeider sjølvstendig og strukturert, er fleksibel og løysningsorientert.

- Du bidreg positivt til samarbeid og i profesjonsfellesskapet

- Du har engasjement for inkludering og mangfald

Vi tilbyr

- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysning, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.

Søknadar vil bli vurdert fortløplande, og stillinga vil vera open til den blir besatt av kvalifisert søkjar. Om det ikkje kjem kvalifiserte søkjarar innan fristen, vil søknadsfristen kunne bli utsatt.

Kontaktinformasjon

Jorun Beate Fylkesnes, rektor, +47 93895074

Arbeidsstad

Verdalsvegen 31
4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5161035904
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV