Sjukepleiar/Vernepleiar Gotatoppen

Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune Sandane , Gloppen , Vestland , 6823 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-23
Publisert:
2026-07-01

Omtrent én uke igjen

Om stillingen

Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har spennande stillingar ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri.

Vi søkjer etter engasjerte og dyktige sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
 
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling.
Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane. 

Vi har ledig ei fast stilling i 100 % som sjukepleiar/vernepleiar, anna stillingsprosent er og aktuelt.  

I tillegg har vi ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar i perioden 07.09.26 til 23.08.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt. 


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar.

  • hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål
  • legemiddelhandtering
  • sjukepleiar/vernepleiar faglege oppgåver
  • dokumentasjon
  • tverrfagleg samarbeid
  • rettleie studentar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som

  • held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
  • evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
  • har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte

Vi tilbyr

  • Varierte og lærerike arbeidskvardagar
  • Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø 
  • Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Stilling organisert i årsturnus

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat.

Kontaktinformasjon

Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, 949 89 709

Arbeidsstad


6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5152023787
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV