Skal du bli bioingeniør og ønskjer jobb og stipend?

Avdeling for laboratoriemedisin, Helse Fonna HF Haugesund , Rogaland , Karmsundgata 120 , 5528 Vikariat / Heltid
Søknadsfrist:
2026-12-31
Publisert:
2026-06-01

Om stillingen

Vil du kombinere studiene dine med en lærerik jobb - og få stipend samtidig?

Hos oss får du ikkje berre ein jobb, men ei moglegheit til å lære mykje om korleis det er å jobbe som bioingeniør. Som bioingeniørstudent kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får lønn, fagleg utvikling, og i tillegg eit stipend!

Vi har laboratorium i Haugesund, Odda og på Stord, der du kan få relevant arbeidserfaring:

  • På laboratoriet for medisinsk biokjemi og immunologi- og transfusjonsmedisin i Haugesund, samt på laboratoriet på Stord og Odda, kan du jobbe i feriar og helger.
  • Ved laboratoriet for medisinsk mikrobiologi kan du arbeide på laurdagar og i feriar. På patologiavdelinga i Haugesund kan du jobbe i feriar.

Les meir om alle fordelane vi tilbyr!

I søknaden kan du skrive om du ønskjer å jobbe ved eit spesifikt laboratorium, eller sende ein open søknad.

👉Vi tilset kvalifiserte søkjarar fortløpande – søk no og bli med på laget!


Kva går jobben ut på

  • Prøvetaking av polikliniske og inneliggande pasientar
  • Prøvehandtering og preanalytisk arbeid
  • Pasientnær analysering
  • Enkelt laboratoriearbeid

Kva kompetanse er viktig i denne rolla

  • Du er bioingeniørstudent
  • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Kva ser vi etter hos deg

Hos oss er det viktig at du:

  • er sjølvstendig
  • trivest i ein travel kvardag og har høg arbeidsmoral
  • samarbeider godt med andre og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • er strukturert  
  • er lærevillig og nysgjerrig

Kvifor skal du velje oss

  • Ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.
  • Eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.
  • Medverknad til at du får utvikle breidda i bioingeniørfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.

Vitnemålsportalen
vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at kokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Rita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, +47 53491094

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5087517351
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV