Daglig leder

Sted
Voss
Stillingstype
Annet / Heltid
Søknadsfrist
2026-09-26
Publisert
2026-08-27

Om stillingen

Kven skal leia dei neste 20?
DAGLEG LEIAR – GJERALDSTVEIT MEKANISKE AS

54 år med historie. Kven skal leia oss dei neste 20?

Gjeraldstveit Mekaniske har arbeidd med stål gjennom to generasjonar. Sidan 1972 har me utvikla oss frå tradisjonelt stålarbeid til stålkonstruksjonar for samferdsel, energi, teknologi, produksjon og bygg.

No skal me vidare.

Du har truleg ein god jobb alt. Bra. Me er ikkje ute etter nokon som berre treng ein ny.

Me ser etter personen som skal ta ansvar for neste fase. Og me leitar ikkje etter ein klassisk administrator.

Helst er du ingeniør. Men endå viktigare: Du tenkjer som ein.

Du forstår tekniske problemstillingar og ser samanhengen frå kalkyle og teikning til produksjon, montasje, kunde og botnlinje. Ei god teknisk løysing er ikkje nok. Den skal kunne produserast, leverast – og prosjektet skal tene pengar.

Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for drift, folk, økonomi, kundar, prosjekt og resultat. Du skal leie og vidareutvikle selskapet, sikre nye oppdrag, følgje opp større prosjekt, utvikle organisasjonen, prioritere kapasitet og sikre kvalitet og gode arbeidsprosessar.

Me ser helst at du har bakgrunn frå industri, bygg, konstruksjon, produksjon, entreprenørverksemd eller tekniske prosjektmiljø. Ingeniørutdanning innan bygg, konstruksjon, maskin, produksjon eller tilsvarande vil vere svært relevant.

Men vitnemålet åleine interesserer oss lite. Det er kva du har vist at du kan få til som tel.

Du kan vere dagleg leiar i dag. Men du kan òg vere teknisk sjef, produksjonssjef, prosjektleiar eller avdelingsleiar – og vere klar for meir ansvar enn tittelen din gir deg.

Hos oss er avstanden mellom avgjerda di og konsekvensen kort.

Du får mandat. Då får du òg konsekvensane.

Det er meir krevjande. Det er heile poenget.

Me tilbyr reell påverknad, korte avgjerdsvegar, tett samarbeid med eigar og gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Les meir først: gjeraldstveit.no/stillinger

Ikkje send CV enno. Er du nysgjerrig, ring Narve Gjeraldstveit på 41 67 80 80.

Du treng ikkje ha bestemt deg for å byte jobb.

Det held at du byrjar å lure på om du burde.
Datakilde: NAV Arbeidsplassen