Har du lyst til å vera eit viktig bindeledd i eining Tilrettelagte tenester?

Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester Ølen , Vindafjord , Rogaland , Rådhusplassen 1 , 5580 Fast / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-23
Publisert:
2026-08-03

Omtrent én uke igjen

Om stillingen

Eining tilrettelagte tenester søkjer etter ein strukturert og engasjert konsulent i 80% fast stilling som trivst med varierte arbeidsoppgåver og kontakt med mange menneske!

Som konsulent vil du ha ei sentral rolle i eininga og vere eit viktig bindeledd mellom tenestene, tilsette, leiarar, brukarar og samarbeidspartnerar. Du vil bidra til god informasjonsflyt, orden og struktur, og vere med på å sikre at dei admininstrative oppgåvene vert løyste på ein effektiv og profesjonell måte.

Stillinga er organisert i Eining Tilrettelagte tenester, og arbeidsstaden vil vere fordelt mellom kontor i både Sandeid og Ølen.

Kva får du jobba med hos oss?

  • administrative og merkantile oppgåver for eininga
  • saksbehandling og dokumenthandtering
  • registrering og oppfølging i ulike fagsystem
  • telefon og eposthandtering
  • støtte til leiarar og tilsette i det daglege arbeidet
  • korrdingering og oppfølging av møter og avtalar
  • andre førefallande kontoroppgåver

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Gratis parkering.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev i kontor- og admininstrasjonsfaget er ynskjeleg. 
  • Anna relevant utdanning på fagarbeidarnivå/og eller erfaring kan kompensere for manglande fagbrev og vil bli vurdert.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
  • Er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
  • Trivst med å ha mange ballar i lufta samstundes
  • Har god digital kompetanse og evne til å setja deg inn i nye system

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Velkomen som søkjar hos oss- me ser fram til å få ein ny kollega som vil vera med og bidra til gode tenester for innbyggjarane våre!

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Datakilde: Data hentet fra NAV