Vil du bli vår nye lønnskonsulent?

OS, Bjørnafjorden
Vikariat / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-31
Publisert:
2026-08-19

5 dager igjen

Om stillingen

Vi har ledig eit vikariat som lønnskonsulent i 100% stilling frå snarast og fram til 30.06.2027, med mogelegheit for forlenging.
Lønnsavdelinga er for tida organisert saman med personalavdelinga, It, ogorganisasjonsutvikling som ein del av HR avdelinga.
Avdelinga sitt hovudansvar er å utbetala rett lønn til rett tid, krevja inn refusjonar og gjennomføra lovpålagd rapportering av arbeids- og lønnsdata til offentlege instansar og pensjonskasser.
Avdelinga har systemansvar for lønns- og HR systemet Visma Enterprise Plus HRM,reiserekningssystemet Expense, og kommunen sitt time-registreringssystem Visma Tid.
HR avdelinga har fokus på å bruka ressursar og kompetanse på tvers, mot prioriterte arbeid og prosjekt. Du blir ein del av eit godt fagleg fellesskap kor samarbeid og felles måloppnåing har fokus mellom avdelingane

Arbeidsstad:   
Lønnsavdelinga  

Oppgåvene for lønskonsulent kan vere, men er ikkje avgrensa til:

  • Opplæring og leiarstøtte
  • Oppfølging og behandling av sjuke- og fødselspengar frå NAV
  • Leiarstøtte knytt til fråvær og forvaltning av personalressursane
  • Rapportering, kontroll og avstemming mot rekneskap, årsoppgjer
  • Kontrollarbeid av datakvalitet frå forsystem
  • Vedlikehald og formidling av lønnsdata
  • Utvikling og vedlikehald av system og rutinar på fagfeltet

Kvalifikasjonar:
Vi ser etter deg som har ein sterk fagleg bakgrunn og ser mogelegheiter framfor utfordringar. Du blir med i jakta på smarte løysingar og har interesse for nye system og teknologi. Du er analytisk og sjølvgåande og oppteken av å levere rettidige tenester. Du er fleksibel, men nøyaktig, og tar i eit tak der det trengs. Du har arbeidserfaring frå fagfeltet.

Kompetanse:

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet på bachelornivå innanfor fagkretsen økonomi/rekneskap/administrasjon
  • Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • God digital kompetanse og systemforståing
  • Erfaring frå lønnsarbeid er ein fordel, samt kjennskap til lov og avtaleverk innan fagområde
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Det blir lagt vekt på dine personlege eigenskapar.  

Vi tilbyr:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring 
  • Løn etter gjeldande avtalar 
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. 

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


Link til søknadsskjema: Søk her
Datakilde: NAV Arbeidsplassen