Tannlege ved distriktstannklinikken Harøy

Ålesund kompetanseregion[alesund_kompetanseregion], Møre og Romsdal fylkeskommune Harøy , Ålesund , Møre og Romsdal , Austrevegen 17 , 6296 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-17
Publisert:
2026-06-23

1 dag igjen

Om stillingen

 

Jobb med utsikt mot Atlanterhavet – og ein kvardag tett på naturen

Ledig, fast 100 % tannlegestilling ved distriktstannklinikken Harøy

Drøymer du om ein jobb der arbeidsdagen blir kombinert med storslått kystnatur, frisk havluft og eit rolegare tempo etter arbeidstid? Då kan dette vere jobben for deg. Tannklinikken ligg i tettstaden Steinshamn på Harøya, som ligg ytst mot Atlanterhavet i Ålesund kommune, omgitt av hav, holmar og skjær. Her får du spektakulære solnedgangar, korte avstandar til fjell og sjø, og rike moglegheiter for friluftsliv – anten du likar padling, fiske, turar langs kysten eller rolege kveldar med havet som bakteppe. Harøya  og Finnøya er endepunktet langs Nordøyvegen, som knytter øyriket til fastlandet. Ona & Nordøyane - Fjord Norway




Arbeidsoppgåver

Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannlege
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Er fagleg engasjert og kvalitetsmedviten
  • Ønsker å bidra aktivt til eit positivt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit. 
 

Personlege eigenskapar

  • Trivst med å jobbe med og for menneske
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig 
  • God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert 
  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø 

Vi tilbyr

  • Ein god jobb der du kan utvikle deg 
  • Lønn etter avtale
  • Oppdatert og fin tannklinikk 
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse 
  • Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer 
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg 
  • Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) 
  • Etableringstilskot
  • Flyttetilskot


Anna

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon

Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001
Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500

Arbeidsstad

Austrevegen 17
6296 Harøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5148106869
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV