Vil du vere med å forme framtidas offentlege innkjøp i Midt- og Vest-Telemark?
Omtrent én uke igjen
Om stillingen
Telemark innkjøpssamarbeid KO (TIS) søkjer ein engasjert innkjøpsrådgjevar som ønskjer å bruke kompetansen sin til å skape verdiar for sju samarbeidskommunar i Midt- og Vest-Telemark. Gjennom strategiske og berekraftige anskaffingar bidreg vi til gode tenester, smart ressursbruk og ei framtidsretta utvikling av kommunesektoren.
Hos oss får du ei nøkkelrolle i eit kompetent og dyktig fagmiljø med høge ambisjonar. Du vil samarbeide tett med ulike fagområde, leie spennande anskaffingsprosessar og vere med på å forme framtidas innkjøpsarbeid i kommunane. I dag har TIS fire medarbeidarar som verdset samarbeid, nytenking og fagleg utvikling. Nå ønskjer vi å styrkje laget med ein ny kollega.
Vi trur at dyktige fagfolk blir motiverte av å lære meir, påverke og utvikle seg. Derfor legg vi stor vekt på fagleg utvikling, kunnskapsdeling og samarbeid. Vi gjennomfører anskaffingar som spenner over mange fagområde og store verdiar. Hos oss får du stor påverknad på eigen arbeidskvardag, blir ein del av eit sterkt fagleg nettverk og kollegaer som deler entusiasmen for gode offentlege anskaffingar. Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi har stor takhøgd, rom for idear, innovasjon og latter.
Arbeidsoppgåver
- Leie og gjennomføre anskaffingsprosessar frå idé til ferdig avtale/kontrakt, i tett samarbeid med fagmiljø og leverandørar
- Analysere innkjøpsdata, evaluere avtalar og identifisere moglegheiter for forbetring og gevinstrealisering
- Utarbeide konkurransegrunnlag og avtalar, gjennomføre marknadsdialog, forhandlingar, evaluere tilbod og bidra til å sikre dei beste løysingane for kommunane
- Følgje opp rammeavtalar og leverandørar i samarbeid med vår avtaleforvaltar for å bidra til gode leveransar, berekraftige løysingar og effektiv ressursbruk
- Vere ein fagleg sparringspartnar og rådgjevar for kommunane i spørsmål knytte til offentlege anskaffingar
- Bidra til kompetansebygging gjennom rettleiing, opplæring og deling av kunnskap på tvers av kommunane
- Delta aktivt i utviklinga av TIS og bidra til nye arbeidsmåtar, innovasjon og kvalitetsforbetring innan innkjøpsfaget
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Minst 3 års utdanning frå universitets- eller høgskulenivå
- Minst 2 års arbeidserfaring innan offentlege anskaffingar
- Erfaring frå forhandlingar og kommersielle vurderingar
- Gjennomført KS sertifiseringskurs i offentlige anskaffelser eller tilsvarende
- Erfaring frå digitale konkurranseverktøy (KGV/KAV)
- Svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk
- Førarkort i klasse B (personbil)
Ønska kvalifikasjonar
- Erfaring frå forsyningsforskriften
Personlege eigenskapar
- Likar å setje deg inn i komplekse problemstillingar, analysere informasjon og skape struktur i arbeidsoppgåvene dine
- Kommuniserer tydeleg og tillitvekkjande, og evnar å samarbeide godt med både kollegaer, leiarar og eksterne samarbeidspartnarar
- Er engasjert, løysingsorientert og motiverast av å få ting gjennomført med høg kvalitet
- Byggjer gode relasjonar og skapar tillit gjennom samarbeid, openheit og respekt for ulike perspektiv
- Er komfortabel med digitale verktøy og tek raskt i bruk nye arbeidsmåtar og system
- Tek ansvar, har god arbeidskapasitet og driv prosessar framover, samstundes som du er grundig og nøyaktig
- Møter andre med positivitet, nysgjerrigheit og eit genuint ønskje om å bidra til både fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø
- Trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team, og deler gjerne idear, erfaringar og forslag til forbetringar
- Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå der du får vere med på å utvikle og forme framtidas offentlege anskaffingar i våre samarbeidskommunar
- Kort veg frå idé til handling og rom for nye initiativ
- 100 % fast stilling i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit sterkt fagmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer som deler kunnskap, støttar kvarandre og jobbar saman for å skape gode resultat
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling gjennom kompetanseheving, erfaringsdeling og spennande prosjekt på tvers av kommunane
- Stor grad av tillit og fridom til å planleggje og forme din eigen arbeidskvardag
- Fleksitidsordning som legg til rette for balanse mellom arbeid og fritid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter avtale
- God opplæring, mellom anna gjennom e-læringskurs og samling for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Silje Larsen Ulverød, Einingsleiar, +47 916 03 822Arbeidsstad
Bøgata 673800 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5161661424
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 02.09.2026