Barnepleiar/helsefagarbeidar
Omtrent én uke igjen
Om stillingen
Som barnepleiar/helsefagarbeidar hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i ei triveleg og engasjert fagmiljø.
Stillinga er eit svangerskapsvikariat med arbeid kvar tredje helg. Det er ein føresetnad at du kan arbeide nattevakter.
Avdelinga er ei kombinert føde/barsel eining som selekterer mellom normal og risiko fødslar. Avdelinga har ca. 1300 fødslar i året. Vi samarbeider med gynekologisk eining og med nyfødt intensiv eining.
Vi ser etter deg som vil bidra til at mor, barn og partner får ein god start på det nye livet saman.
👉 Er det deg vi ser etter? Søk i dag!
Kva går jobben ut på?
- Gi rettleiing og støtte om amming og barnestell.
- Bidra til god omsorg og oppfølgning av mor og nyfødd.
- Assisterar jordmor og lege ved fødslar.
- Assisterar barnelege ved rutineundersøkingar.
- Ansvar for barselpoliklinikk.
- Bidra til rettleiing og opplæring av studentar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som hjelpepleier/helsefagarbeider.
- Det er ønskeleg med erfaring fra føde- og barselavdeling.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du
- har interesse for føde- og barselomsorg
- møter pasienter og pårørande med respekt og omtanke
- ønskjer å utvikle deg fagleg i samarbeid med dyktige kollegaer
- arbeider strukturert og bidreg til gode pasientforløp
- tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver med eit ope sinn
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
- Kollegaer som ser og tek vare på kvarandre i ein hektisk kvardag.
- Høgt fagleg nivå med mulighet for fagleg og personleg utvikling.
- Simulering og fagdagar som del av turnusen.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift( IA-bedrift).
- Medlemskap i pensjonsordning , 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Karin Skjoldal, Funksjonsleiar, +47 99490299Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5157262708
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 22.08.2027
Søknadsfrist: 25.08.2026