Sjukepleiar

Haugesund
Vikariat / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-02
Publisert:
2026-08-19

Omtrent én uke igjen

Om stillingen

Ønskjer du ein variert arbeidskvardag med tett pasientkontakt og moglegheit til å utvikle deg fagleg?

Ved urologisk poliklinikk i Haugesund søkjer vi ein engasjert sjukepleiar til eit eittårig vikariat. Hos oss blir du ein del av eit kompetent fagmiljø som utgreier, behandlar og følgjer opp pasientar med eit breitt spekter av urologiske problemstillingar. Du vil samarbeide tett med urologar, LIS-legar og uroterapeutar, samtidig som du får sjølvstendige oppgåver og ansvar.

Kva går jobben ut på?

  • Assistere ved undersøkingar saman med lege.
  • Gjennomføre sjølvstendige konsultasjonar og oppfølging av pasientar.
  • Gi råd, rettleiing og opplæring til pasientar og pårørande.
  • Bidra til gode pasientopplevingar og effektiv drift av poliklinikken.
  • Delta i forbedringsarbeid i avdelinga.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Erfaring fra urologi og poliklinikk er ønskjeleg.
  • Gode digitale ferdigheiter og erfaring med DIPS.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendig for forsvarleg pasientbehandling.

Personlege eigenskaper blir vektlagd.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

  • har motivasjon og er interessert i fagfeltet
  • tek ansvar og spør når du lurer på noko
  • bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
  • er god på å kommunisere med pasientar, pårørande og kollegaer

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du

  • ein spennande og utfordrande arbeidsplass
  • inkluderende kollegaer som ønskjer at du skal lykkast
  • fagleg utvikling gjennom samarbeid, rettleiing og erfaringsdeling
  • tett samarbeid mellom poliklinikk og sengepost som gir eit heilskapleg innblikk i pasientforløpa
  • moglegheit til å følgje pasientar gjennom fleire fasar av utgreiing, behandling og oppfølging

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristine Gundegjerde Meling, Funksjonsleder urologisk avdeling, +47 91637361, [email protected]

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5167554714
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 05.10.2026
Sluttdato: 26.09.2027
Søknadsfrist: 02.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen