Fagarbeidar/tilkallingsvikarar
Omtrent én uke igjen
Om stillingen
Vi har ei ledig 100 % stilling som fagarbeidar i Mona barnehage/Bakkelidgrenda barnehage. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, vert tilsetting av assistent vurdert. Vi treng og tilkallingsvikarar og vikarar for kortare periode. Det kan vere aktuelt å tilsetje lærling i barne- og ungdomsarbeiderfaget om det er nokon som vurderar å ta fagbrev.
Mona barnehage har seks avdelingar og ligg sentralt på Sandane. Våre satsingsområder er mellom anna språk, friskliv og tidleg innsats. Bakkelidgrenda barnehage er ein liten barnehage lokalisert på Vereide med to avdelingar med fokus på uteaktivitet. Den eller dei som vert tilsett må rekne med å kunne arbeide begge stader i løpet av barnehageåret.
Barnehagen er sertifisert som Trafikksikker barnehage og Miljøfyrtårn.
Arbeidsoppgåver
- Den som vert tilsett har medansvar for omsorg, leik og pedagogisk aktivitet med barn i alderen 0-6 år.
- Deltaking i planlegging, evaluering og gjennomføring av arbeidet på avdeling.
- Arbeid etter rammeplan for barnehagar, årsplan og den beste praksis som er definert på avdeling.
- Arbeid sjølvstendig og i team.
- Medansvar for foreldresamarbeidet.
- Arbeid etter rutinar som gjeld på den aktuelle avdeling.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært etter fagarbeidar, men det kan verte aktuelt å vurdere assistent.
- Praksis frå arbeid i barnehage vil telje positivt.
- Personlege eigenskapar vert vekta høgt.
- Menn vert oppmoda om å søkje.
Personlege eigenskapar
- Vår nye medarbeidar må kunne godt norsk både skriftleg og munnleg.
- I arbeidet med barn i barnehage må du bruke språket aktivt og sette ord på det du ser og gjer saman med barna.
- Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitet.
- Du må vere ein tydeleg vaksen som støttar og utfordrar barn til meistring.
- Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar som set barnegruppa sine behov i høgsete for sitt arbeid på avdelinga, og på den måten bidreg til at barnehagen vert ein trygg og utviklande stad å vere.
Vi tilbyr
- God oppfølging av nytilsette.
- Godt arbeidsmiljø
- Fagleg miljø med fokus på utvikling og kvalitet
- Lønn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
- Tilsetjing på kommunale vilkår.
- Pensjonsordning gjennom KLP.
- Prøvetid på seks mnd ved tilsetting.
Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Risøy Kvellestad, Styrar Bakkelidgrenda barnehage, 99547185Else Lundestad Bakkelid, Barnehagestyrar Mona barnehage, 970 95 123
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5160584309
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026