IKT-lærlingrettleiar

IDI - IKT Tenesteleveranse, Vestland fylkeskommune Bergen , Vestland , Lars Hilles gate 22 , 5008 Engasjement / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-16
Publisert:
2026-06-24

Søknadsfristen er i morgen

Om stillingen

IKT-lærlingrettleiar – form framtidas IKT-fagfolk!

Vestland fylkeskommune er ein av dei største aktørane innan IKT-opplæring i regionen, og vi søkjer no ein engasjert IKT-lærlingrettleiar som vil gjere ein reell skilnad for lærlingar i IT-driftsfag! Stillinga er nyoppretta på førebels toårig engasjement. 

 

Arbeidsoppgåver

Som IKT-lærlingrettleiar vil du ha ei sentral rolle i å følgje opp og støtte IKT-lærlingane våre med behov for tilpassa opplæring. Du vil jobbe tett på lærlingane og sikre at dei får ei god opplæring i tråd med læreplanen for IT-driftsfag.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Personalansvar for IKT-lærlingar under meiropplæring
  • Fagleg leiar og instruktør for IKT-lærlingar med behov for tilpassa opplæring
  • Følgje opp læreplanen for IT-driftsfag
  • Gi tett, individuell rettleiing og støtte
  • Koordinere og planlegge opplæringsløp
  • Gjennomføre regelmessige samtalar og vurderingar av lærlingane sin progresjon
  • Vere bindeledd mellom lærling og arbeidsgjevar
  • Noko reising til ulike lokasjonar i Vestland må kunne påreknast
  • Fleire oppgåver tilknytt stillinga kan tilkomme

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan IKT-fag – særleg relevant praksis/erfaring kan kompensere for utdanningskrava
  • Ønskeleg med rettleiarkompetanse eller pedagogisk kompetanse
  • Erfaring som fagleg leiar eller instruktør tel positivt
  • Erfaring med personalansvar tel positivt
  • Ønskeleg med kjennskap til regelverk knytt til lærekontrakt, fagopplæring og læreplan i IT-driftsfag

Personlege eigenskapar

Du er ein person med hjarte for opplæring og fagleg utvikling. Du trivst med å jobbe tett på folk, er god på rettleiing og har IKT-fagleg bakgrunn. Du forstår kva det vil seie å vere lærling og veit korleis ein skapar eit trygt og godt læringsmiljø.

Vi ser etter deg som er:

  • Interessert og kommuniserer godt med lærlingar med særskilte behov og læringsutfordringa
  • Sjølvgåande
  • Engasjert og omsorgsfull rettleiar
  • God til å lære i frå deg
  • Strukturert og god på planlegging og oppfølging
  • Serviceinnstilt med fokus på lærlingen sitt behov
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Oppteken av fagleg utvikling og deling av kunnskap
  • God på samarbeid og relasjonsbygging   

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein interessant og variert arbeidsdag
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Arbeidsstad: Sentraladministrasjon Bergen

Kontaktinformasjon

Stig Thomas Boge, leiar, 48356915

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5149556620
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 16.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV