Assistent

Seksjon forsyning og interntransport Volda og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF Ålesund , Møre og Romsdal , Åsehaugen 5 , 6017 Fast / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-19
Publisert:
2026-08-12

3 dager igjen

Om stillingen

Vil du vere med og bidra til god pasientbehandling?

Har du lyst til å bli ein del av eit engasjert og dyktig team ved sengesentralen ved  Ålesund sjukehus? No har du moglegheita. Vi har ledig ei fast 32,5 % stilling som assistent, i tillegg søkjer vi etter tilkallingsvikarar som kan stille på kort varsel ved behov.

Sengesentralen er ein del av Seksjon forsyning og interntransport, der vi kvar dag arbeider for å levere pålitelege og kvalitetssterke servicetenester for heile sjukehuset. Sjølv om arbeidet vårt skjer i kulissane, er assistentane heilt avgjerande for at sjukehuset skal fungere godt.

Hos oss får du ei viktig rolle for å sikre at pasientsenger og tilhøyrande utstyr alltid er reint, trygt og klart til bruk. Innsatsen din bidreg direkte til god pasienttryggleik, effektiv pasientflyt og ein velfungerande sjukehuskvardag.
Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, respekt og serviceinnstilling står sterkt. Arbeidskvardagen er variert, praktisk, aktiv og du vil samarbeide tett med fleire faggrupper på sjukehuset. Her blir du verdsett for innsatsen din, og du får vere med på å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.

Vi ser etter deg som er påliteleg, strukturert og har stor arbeidskapasitet. Du trivst med fysisk arbeid, tek ansvar og ønskjer å bidra til eit positivt arbeidsmiljø for både kollegaer og pasientar.

Dersom du likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo, meiningsfulle oppgåver og gode kollegaer, håpar vi du vil søkje jobb hos oss!

Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Transport, kontroll, reingjering og klargjering av pasientsenger
  • Mottak og tilrettelegging av arbeidstøy til tilsette
  • Bestilling av avdelingstøy
  • Andre oppgåver som er lagde til seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Gjerne erfaring og kjennskap innan reingjering
  • Generelt god helse og fysikk
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Du må vere innstilt på å jobbe vakter både kvardagar, heilagdagar og i helger

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og likar å jobbe saman med andre
  • Du er hyggeleg, serviceinnstilt og trivst i ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag
  • Du er omgjengeleg, påliteleg og nøyaktig i arbeidet ditt
  • Ønskjer å bidra aktivt til å ta vare på og vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø
  • Ein fleksibel person som handterer endringar på ein god måte i ein seksjon i utvikling
  • Det er ein fordel om du kan tiltre så snart som mogleg,  og og at du kan jobbe meir i periodar når det er behov

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Vegard Edvardsen Kjemphol, Seksjonsleiar, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5161186577
Stillingsprosent: 32,5%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 19.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV