Overlege ved Psykosomatisk medisin, Konsultasjonspsykiatri

Divisjon psykisk helsevern/ Avdeling psykosomatisk medisin, Helse Bergen HF Bergen , Vestland , Haukelandsveien 22 , 5021 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-03
Publisert:
2026-08-14

Omtrent 3 uker igjen

Om stillingen

Avdeling psykosomatisk medisin er lokalisert i Glasblokkene, og er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon Psykisk helsevern. Avdelinga består av 3 seksjonar: Seksjon konsultasjonspsykiatri, Seksjon for alderspsykiatri, og Seksjon for nevrostimulerande behandling.  

Seksjon konsultasjonspsykiatri gir tenestar til dei somatiske einingane på Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sykehus. Vi jobbar med avgrensa pasientforløp når pasienten er inneliggande på somatiske einingar, og har poliklinikk for psykosomatiske problemstillingar.

Seksjonen har eit godt tverrfagleg miljø med spesialistar i psykiatri, psykologspesialist og psykiatrisk sjukepleiar. Vi har no ledig fast stilling for godkjend spesialist i psykiatri. 

Vi tilbyr ein spennande jobb med anledning til å vere med på å utvikle psykosomatisk medisin og konsultasjon-liasonteneste. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt fagleg samarbeid med andre avdelingar i sjukehuset. 


Arbeidsoppgåver

  • Psykiatriske vurderingar og oppfølging av pasientar innlagde ved somatiske avdelingar 
  • Psykosomatisk poliklinikk
  • Rettleiing og formidling av kunnskap til samarbeidande einingar
  • Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet
  • Ta del i samarbeidet mellom dei ulike seksjonane i klinikken
  • Delta i klinikkens bakvaktsordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Spesialistgodkjenning i psykiatri eller nesten ferdig spesialistgodkjenning
  • Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeidsevne, trivst i tverrfaglege miljø og kommuniserer tydeleg
  • Bidragsytar for eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Er fagleg engasjert og ønsker å bidra til vidareutvikling av tenesta
  • Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø med høg kompetanse, engasjement og gode kollegaer
  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit viktig grensefelt mellom psykiatri og somatikk
  • Felles undervisning, spesialistforum og kasuistikker
  • Gode moglegheiter til å delta i forsking eller kvalitetsforbetringsarbeid
  • Lønn etter avtale


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ann Christin Øren Rivenes, Avdelingssjef, 55974562

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5163453764
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.09.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV