Avdelingsleiar Villatoppen avlastningsbustad - 100% fast stilling

Sted
Husnes, Kvinnherad
Stillingstype
Fast / Heltid
Søknadsfrist
2026-09-13 · Omtrent 2 uker igjen
Publisert
2026-08-27

Om stillingen

Vil du leie ei viktig teneste for barn og unge? Villatoppen avlastingsbustad yt tenester til barn og unge med funksjonsvariasjonar og behov for tilrettelagt omsorg og oppfølging.  

Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst i Kvinnherad kommune. Eininga samlar dei fleste hjelpetenestene for barn, unge og familiar i kommunen, og omfattar barnevern, helsestasjon, PPT, familiestøtte, avlastning og butiltak for barn og unge, samt tverrsektorielt psykologteam. 

No søkjer vi ein engasjert og tydeleg avdelingsleiar til Villatoppen avlastingsbustad. 

Hos oss får du ei sentral leiarrolle med ansvar for drift, fagutvikling og personaloppfølging, samtidig som du bidreg til å sikre gode og trygge tenester for barn og unge med ulike funksjonsvariasjonar, ressursar og behov. 

Om stillinga 

Som avdelingsleiar har du det overordna ansvaret for den daglege drifta av Villatoppen avlastingsbustad. Du skal sikre at tenestene held høg fagleg kvalitet, leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø og bidra til god samhandling med familiar og samarbeidspartnarar. 

Du vil ha personal-, økonomi- og fagansvar for avdelinga, og vere ein tilgjengeleg leiar med fokus på rettleiing, utvikling og kvalitet i tenestene.  

Stillinga inneber også ansvar for oppfølging av alle barn i kommunen med vedtak etter helse- og omsorgstenestelova, samt samarbeid med føresette og aktuelle samarbeidsinstansar. 

Noko ettermiddags- og helgearbeid må påreknast. 

Kvifor velje oss? 

Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du kvar dag bidreg til å skape gode liv for barn og unge. Du vert del av eit tverrfagleg og støttande fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement. 

Vi legg vekt på fagleg utvikling, gode samarbeidsrelasjonar og ein kultur der vi støttar, utfordrar og heiar på kvarandre. 

Arbeidsoppgåver 

  • Personal-, økonomi- og fagansvar for avdelinga 

  • Ansvar for turnus  

  • Planlegging, koordinering og dagleg drift,  

  • Internkontroll, kvalitetsarbeid og fagutvikling 

  • Sikre kvalitet i dokumentasjon og rapportering 

  • Rettleiing og oppfølging av medarbeidarar 

  • Utvikle og styrkje tverrfagleg samarbeid 

  • Samarbeid med familiar og aktuelle samarbeidspartnarar 

  • Delta i praktisk bistand, pleie og omsorg ved behov 

Arbeidsoppgåvene kan verte endra i takt med utviklinga av tenesta. 

 

Kvalifikasjonar 

Vi søkjer deg som har relevant høgare utdanning innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag. 

Søkjarar med annan relevant utdanning kan også verte vurderte. 

Det er ønskjeleg at du har: 

  • Vidareutdanning innan leiing, administrasjon eller rettleiing 

  • Erfaring frå leiing og personaloppfølging 

  • Kjennskap til offentleg forvaltning 

  • Erfaring frå arbeid med barn og unge med funksjonsvariasjonar 

  • Førarkort klasse B 

Kven er du? 

Vi ser etter ein leiar som er trygg, tydeleg og relasjonssterk. Du trivst med ansvar, evnar å skape tillit og har eit ekte engasjement for menneska rundt deg. 

Vi ønskjer at du: 

  • er imøtekommande og god til å byggje relasjonar 

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 

  • er trygg i møte med utfordrande situasjonar 

  • arbeider strukturert og målretta 

  • er løysingsorientert og handlekraftig 

  • evnar å motivere og utvikle medarbeidarar 

  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet 

  • har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 

  • har gode digitale ferdigheiter 

Personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt. 

Vi tilbyr 

  • Ei spennande leiarstilling med stor påverknadskraft 

  • Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver 

  • Eit sterkt fagleg miljø og gode utviklingsmoglegheiter 

  • Rettleiing, støtte og kompetanseheving 

  • Tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP 

  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar 

  • Moglegheit for sletting av delar av studielån etter gjeldande ordningar 

  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage 

  • Ingen eigedomsskatt i Kvinnherad kommune per i dag 

 

Anna informasjon 

Det må leggjast fram gyldig politiattest før tiltreding. Kravet er heimla i helse- og omsorgstenestelova § 5-4. 

 

Vil du vere med og vidareutvikle eit viktig tenestetilbod for barn og unge i Kvinnherad? Då håpar vi du søkjer! 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Datakilde: NAV Arbeidsplassen