Vikariat for fastlege på Sandtangen legesenter

Bryne, Time
Vikariat / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-14
Publisert:
2026-08-20

Omtrent 3 uker igjen

Om stillingen

Det er behov for vikar for ein fastlege som skal i permisjon ved Sandtangen legesenter på Bryne fra 19. oktober 2026 til ca. 9. august 2027.

Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande. 

Sandtangen legesenter er sentralt plassert i sentrum av Bryne, like ved togstasjonen.
Legesenteret består av 8 fastlegar, både spesialistar i allmennmedisin og legar under spesialisering.
Me har eit inkluderande arbeidsmiljø der trivsel i arbeidskvardagen står i fokus, anten det gjeld det faglege eller det sosiale. Legar i spesialisering får god rettleiing og supervisjon, med låg terskel for å drøfte ting i kollegiet.

Me har eit fantastisk hjelpepersonell som består av sjukepleiarar, bio-ingeniør og helsesekretær. Desse er svært veldrevne og sjølvstendige i sine arbeidsoppgåver.
Legekontoret er moderne utstyrt i flotte og sentrumsnære lokaler. Me har blant anna EKG, spirometri og ultralyd som brukast i den diagnostiske kvardagen.   
Legesenteret har Webmed som journalsystem. Dette er eit svært godt journalsystem, som er enkelt å setta seg inn i. Det er kort vei til togstasjon.

 


Arbeidsoppgåver

  • Følge opp pasienter på liste (1000 pasienter)
  • Legevakt  36 delt i Klepp (kvled/helg) og ca. 60 delt i Hå (natt)

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført Lis 1 tjeneste
  • Norsk autorisasjon og refusjonsrett
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg på minst nivå B2
  • Godkjent politiattest

 

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar og legge ved ditt HPR nummer

Personlege eigenskapar

  • Interessert i allmennmedisin
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God på samhandling, samarbeid og kommunikasjon
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Leger som vil jobbe som næringsdrivende vil bli prioritert

Vi tilbyr

  • Vikariat i fastlegestilling på et veldrevet og stort legekontor
  • Eit godt fagleg arbeidsmiljø og kjekke kollegaer

 

Kontaktinformasjon

Ingvild Lohne Frøyen, Fastlege, 94295633, [email protected]
Øystein Fjetland Øgaard, Kommuneoverlege, 45662014, [email protected]
Lene Hammervold Olsen, Verksemdleiar helse og rehabilitering, 92284538, [email protected]

Arbeidsstad

Kirsten Brynes veg 7
4344 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5149970046
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 19.10.2026
Sluttdato: 09.08.2027
Søknadsfrist: 14.09.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen