Rådgjevar
2 dager igjen
Om stillingen
Avdelinga vår på Nordfjordeid har ledig 100% fast stilling som rådgjevar.
Hva vi ser etterVi ser etter deg som har:
-
Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå
-
Erfaring frå liknande arbeid, og / eller kunnskap om og interesse for arbeidsinkludering
-
God menneskekunnskap med auge for ressursar og utviklingspotensial
-
Evne til å vere motiverande og sjå ulike løysingar til beste for deltakar
-
Har gode samarbeidsevner
-
Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
For oss er det viktig å ha rett person på rett plass. Personlege eigenskapar vert difor tillagde stor vekt. Har du lyst til å prøve noko nytt og utfordrande, så er kanskje du den vi leitar etter.
ArbeidsoppgaverSom rådgjevar i Movia vil du få ansvaret for å hjelpe menneske med ulike utfordringar i, eller tilbake i arbeid. Dette inneberer å motivere, støtte og gje tett oppfølging til kvar enkelt tiltaksdeltakar i heile prosessen fram mot arbeid.
Under prosessen vil du ha eit tett samarbeid med Nav, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar. Du må og vere aktiv i arbeidsmarknadane slik at du får innsikt i verksemdene sine behov og bygger tett relasjon til lokalt næringsliv.
Arbeidsoppgåver:
-
Indivduelle rettleiing og kartleggingssamtaler med tiltaksdeltakar knytt til helse og arbeidsliv
-
Finne jobbmoglegheiter basert på deltakar sine interesser, styrker, kompetanse og ferdigheiter
-
Oppsøke aktuelle arbeidsgjevarar og bygge nettverk i lokalt næringsliv
-
Etablere god relasjon til tiltaksdeltakar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar
-
Utarbeiding og oppfølging av individuelle planar, samt rapportar til Nav og deltakar
Vi tilbyr
-
Ein spennande, utfordrande og meiningsfull jobb
-
Vere ein del av eit større fagmiljø i Movia
-
Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
-
Høve til å bruke eigne erfaringar, kunnskap og interesser
-
Løn etter avtale
-
God pensjonsordning