Internatleiar

Hornnes, Evje og Hornnes
Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-30
Publisert:
2026-08-17

4 dager igjen

Om stillingen

Kan du tenke deg å jobbe med ungdom? Setesdal vidaregåande skule søkjer ein engasjert og trygg internatleiar til elevheimen vår på avdeling Hornnes. Som internatleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å skape eit trygt, inkluderande og godt bumiljø for elevane. Vi søkjer deg som trivst med ansvar, er trygg i møte med ungdom og likar å arbeide sjølvstendig. Som internatleiar får du stor fridom til å organisere og planleggje arbeidet ditt, samtidig som du blir ein sentral del av skulen sitt elevmiljø.

Setesdal vidaregåande skule består av avdelingane Hovden, Valle og Hornnes. Visjonen vår er: «Vi vil vere ei drivkraft for kunnskap, utvikling og mangfald.». Skulen har både studiespesialisarende og yrkesfagleg utdanningstilbod. På yrkesfag blir det undervist i helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk, teknologi- og industrifag og gull- og sølvsmedhandtverk. På Hovden har vi landslinjetilbod i skiidrettar som er eit tilbod i tett samarbeid med Hovden skigymnas(HSG). Setesdal vidaregåande skule har ansvar for undervisning i Agder fengsel avd Evje. Stillinga som internatleiar er tilknytta elevheimen ved skulen si avdeling på Hornnes i Evje og Hornnes kommune.


Arbeidsoppgaver

  • Ansvar for den daglege drifta av elevheimen
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt bumiljø for elevane
  • Planlegging og koordinering av aktivitetar, bemanning og praktiske oppgåver knytte til elevheimsdrifta
  • Administrative oppgåver knytte til elevheimen
  • Oppfølging og rettleiing av elevar i samarbeid med skulen, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar
  • Ansvar for rutinar innan helse, miljø, tryggleik og brannvern
  • Delta i vaktordning etter gjeldande turnus

Per i dag er stillinga fordelt med om lag 30 % administrative oppgåver og 70 % turnusarbeid. 70% turnus tilsvarar 2 sovande nattevakter per veke, samt helgevakt kvar 3.helg. I helgevakta inngår tilsynsvakt fredag og laurdag, og sovande nattevakt søndag, natt til mandag.

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for deler av utdanningskravet.
  • God digital kompetanse og erfaring med Microsoft 365, særleg Word og Excel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Framsyning av politiattest er ei forutsetning for tilsetting

Det er ønskeleg at du har:

  • Erfaring frå internatdrift, miljøarbeid eller liknande arbeid med ungdom
  • Erfaring med planlegging og oppsett av turnus

Personlige egenskaper

Vi søkjer deg som:

  • Er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
  • Har gode relasjonelle ferdigheiter og kommuniserer godt med ungdom og føresette
  • Er strukturert og sjølvstendig
  • Har gode samarbeidsevner
  • Handterer ulike situasjonar med ro og godt skjønn
  • Bidreg til eit positivt og inkluderande miljø

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull og variert stilling i eit viktig elevretta arbeid
  • Stor grad av sjølvstende og fridom til å planleggje og organisere eigen arbeidskvardag
  • Høve til å påverke og vidareutvikle elevheimstilbodet ved skulen
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
  • Les meir om vår skule her: www.setesdal.vgs.no
  • God pensjonsordning i KLP. For meir informasjon om våre goder sjå www.agderfk.no/jobb

Kontaktinformasjon

Åshild Bødal, Avdelingsleder skole, +4748602401

Arbeidssted

Gymnasvegen 5
4737 Hornnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Agder fylkeskommune

Referansenr.: 5160594833
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen