Skei bu- og miljøteneste har ledig stilling på natt og helg

Sunnfjord kommune Skei bu- og miljøteneste , Vestland Vestland Fast / Deltid
Søknadsfrist:
2026-08-23
Publisert:
2026-07-21

Omtrent én uke igjen

Om stillingen

Skei bu- og miljøteneste yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming.
Tenestene inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivets funksjonar som ernæring/ hygiene, sosiale ferdigheiter og aktivitetar. Personalbasen er nær knytt opp til bufellesskapet med 7 leilegheiter.

Vi vil at våre tenester skal gje dei som bur her gode opplevingar, meiningsfulle aktivitetar og trygge dagar og netter.
Vi ser etter deg som vil vere med på dette.

Vi har ledig faste stillingar: 
  • 1x 80% nattevakt frå 01.10.26
  • 1x 20% helgestilling kvar 3.helg frå snarast
  • 1x 25% helgestilling kvar 4.helg i langvaktturnus frå snarast
Utdanningskrav:
  • til nattevaktsstillinga: helse- og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning
  • til helgestillingar: fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
  • studentar som tar relevant helse- og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning
  • vi oppmodar og andre med erfaring eller interesse for denne type arbeid om å søkje, om du ikkje har relevant utdanning til stillingane, tilset vi i mellombelse stillingar

Studentar som tek vernepleie- eller sjukepleiarutdanning har eiga lønnsramme med stigande løn under studiet.

Vi søker deg som: 
  • har ynskje om og glede av å arbeide med menneske med samansette behov
  • er ein pådrivar til å motivere og aktivisere brukarane, og som trivst å vere ute og vere fysisk aktiv
  • er roleg og kan handtere krevjande situasjonar
  • har evne til å arbeide både i team og sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner, bidra til eit godt arbeidsmiljø der ein har fokus på å spele kvarandre gode
Krav til søkar:
  • godkjent politiattest av ny dato
  • fordel med førarkort for bil
  • er god i norsk, munnleg og skriftleg
  • personlege eigenskapar vektast høgt

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk!

 

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blirgjortunntaksvisog du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden

 




Link til søknadsskjema: Søk her
Datakilde: Data hentet fra NAV