Organisasjonssjef

Nissedal kommune Treungen , Nissedal , Telemark , Treungvegen 398 , 3855 Fast / Heltid
Søknadsfrist:
2026-09-03
Publisert:
2026-08-12

Omtrent 3 uker igjen

Om stillingen

Vil du vere med og vidareutvikle ein liten kommune med store ambisjonar?

Nissedal kommune søkjer ein tydeleg og utviklingsorientert organisasjonssjef. Stillinga skal bidra til å styrke leiing, samordning og organisasjonsutvikling i kommunen.

Som organisasjonssjef vil du vere ein nøkkelperson i arbeidet med å utvikle gode strukturar, styrke leiarskap og sikre effektiv drift i ein organisasjon der kort veg frå idé til handling er eit stort fortrinn. Du rapporterer til kommunedirektøren og inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.


Arbeidsoppgåver

Som organisasjonssjef vil du ha eit overordna ansvar for å styrke kommunen sine interne funksjonar og utvikle organisasjonen. Sentrale oppgåver vil vere:

  • støtte kommunedirektøren i heilskapleg leiing og strategisk utvikling
  • ansvar for HR og organisasjons-og kompetanseutvikling
  • vidareutvikle leiarskap og leiarstøtte i organisasjonen
  • sikre gode system for internkontroll, kvalitet og etterleving av lovverk
  • bidra til effektiv samordning på tvers av einingar
  • delta i, og i periodar leie, utviklings- og omstillingsprosessar
  • koordinere arbeid knytt til samarbeid, rapportering og sentrale styringsprosessar
  • vere ein pådrivar for forbetring, digitalisering og gode arbeidsprosessar

Kommunen si Fellesteneste med sju årsverk ligg under organisasjonssjefen

Organisasjonssjefen vil vere kommunen sin folkehelsekoordinator

Oppgåvene vil kunne utvikle seg i takt med kommunen sine behov.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

  • relevant høgare utdanning (minimum bachelor, gjerne master)
  • erfaring frå leiing, organisasjonsarbeid eller offentleg forvaltning
  • god forståing for offentleg regelverk og kommunal verksemd
  • erfaring med HR, organisasjonsutvikling eller kvalitetsarbeid
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

For kandidatar med særleg relevant erfaring kan delar av kvalifikasjonskrava fråvikast.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein trygg og relasjonssterk leiar som:

  • har god gjennomføringsevne og evne til å skape framdrift
  • er strukturert og analytisk, men også løysingsorientert
  • bygger gode relasjonar og skaper tillit i organisasjonen
  • evnar å sjå heilskap og samanhengar
  • er utviklingsorientert og trivst med endring og forbetringsarbeid
  • kommuniserer tydeleg og involverande

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Hos oss får du ein sentral posisjon i utviklinga av Nissedal kommune.

Vi tilbyr:

  • ei strategisk rolle tett på kommunedirektøren
  • store moglegheiter til å påverke organisasjon, leiing og retning
  • eit handlingsrom der du raskt ser resultat av eige arbeid
  • korte linjer, høg grad av tillit og tett samarbeid
  • eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • lønn etter avtale

Kontaktinformasjon

Sverre Sæter, Kommunedirektør, +47 35048402

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5164483849
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.09.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV