Prosjektstilling

INV- Berekraft, Vestland fylkeskommune Leikanger , Sogndal , Vestland , Askedalen 2 , 6863 Førde , Sunnfjord , Vestland , Hafstadvegen 48 , 6800 Bergen , Vestland , Lars Hilles gate 22 , 5008 Prosjekt / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-27
Publisert:
2026-08-13

Omtrent 2 uker igjen

Om stillingen

Vestland fylkeskommune skal ha eit effektivt, trygt og framtidsretta transportsystem som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling. Dette inneber at fylkeskommunen skal vere ein pådrivar for å skape gode og framtidsretta løysingar, der ein tilpassar infrastruktur til eit
klima i endring, reduserer utslepp og tek vare på naturmangfald. Avdeling for infrastruktur og veg arbeider for trygge kvardagsvegar. 

Etter at vi fekk innvilga klimasatstilskot frå Miljødirektoratet søker vi etter nokon som vil jobbe i ei 1-årig prosjektstilling for å arbeide med å utvikle ei digital løysing for rapportering av klimagassutslepp for fylkesvegprosjekt.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra med å utarbeide klimagassbudsjett og klimagassrekneskap for små og store vegbyggingsprosjekt
  • Utarbeide behovsanalyse av vegbyggingsprosjekt i Norge gjennom bruk av interjvu, undersøkingar og arbeidsverkstader og utarbeide ein prosessplan basert på dette.
  • Samarbeide med eksterne utviklermiljø for å utvikle rapporteringsløysing for maskiner og køyretøy i vegprosjekt
  • Legge til rette for opplæring og utarbeide opplæringsmateriell
  • Arbeid med å kontrollere at klimakrav sett i kontrakt vert fulgt og etablere nye rutinar knytt til dette
  • Bidra inn i klima og miljøarbeidet på avdelinga som fagressurs på vegprosjekt

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning innan relevante fagkombinasjonar
  • god norsk kunnskap, både munnleg og skriftleg
  • førekort klasse B

Det er i tillegg ønskjeleg at du har:

  • erfaring frå samferdselsprosjekt
  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • kunnskap om klima, miljø og berekraft

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Engasjerande og sterkt fagmiljø
  • Fagsamlingar og sosiale arrangement
  • Fleksibel arbeidstid og sommartid
  • Mogelegheit for heimekontor etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Jorunn-Elisabeth Stavø, Leiar

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5147747966
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 27.08.2026

Datakilde: Data hentet fra NAV