Miljøarbeidar til tilrettelagt avdeling

Bergen
Vikariat / Heltid
Søknadsfrist:
2026-08-31
Publisert:
2026-08-17

5 dager igjen

Om stillingen

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med fem yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar finn eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/.

Årstad vidaregåande skule har to avdelingar for tilrettelagd opplæring for elevar med særskilde behov (HTH). Opplæringa føregår i små grupper, der elevane får individuelt tilrettelagd undervisning etter individuell opplæringsplan (IOP). Den eine avdelinga ligg på hovudskulen til Årstad vgs. på Danmarksplass, medan den andre ligg på Laksevåg i same skulebygg som Laksevåg og Bergen maritime vgs.

Avdelinga vår på Årstad har ledig eit vikariat som miljøarbeidar ut januar 2027, vi er også interessert i miljøarbeidarar som kan vere tilgjengeleg som ringvikarar. 


Arbeidsoppgåver

  • Rettleie og gjennomføre opplæring for elevar som treng tett og heilskapleg oppfølging.
  • Bidra til eit tilrettelagt opplæringstilbod basert på elevane sine føresetnader, med fokus på fagleg utvikling, ADL, kommunikasjon, sosialt samspel og trivselsskapande aktivitetar.
  • Arbeide ut frå elevane sin individuelle opplæringsplan.
  • Delta aktivt i teamet rundt eleven og i avdelinga.
  • Bidra i pedagogisk utviklingsarbeid i tråd med skulen si pedagogiske plattform og utviklingsplan.
  • Det kan også vere oppgåver knytt til stell. 

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar. Andre fagområde kan òg vere relevante.
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt i denne stillinga.
  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med elevgruppa. 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner, godt humør og trivst med å jobbe i team.
  • Du likar å vere fysisk aktiv og kan ta i eit tak når det trengst.
  • Du kan jobbe sjølvstendig med elevar og gjennomføre planlagde aktivitetar.
  • Du har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter.
  • Du er trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande åtferd. 

Vi tilbyr

  • Eit godt fagmiljø med god samarbeidskultur og engasjerte kollegaer.
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med kompetanse frå fleire helse‑ og pedagogiske fagområde.
  • Tett samarbeid med faglærarar og andre miljøarbeidarar, samt deltaking i pedagogisk utviklingsarbeid.
  • Løn og lønsutvikling i tråd med lønnspolitikken til Vestland fylkeskommune.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • 100 % stilling, der det må påreknast arbeid i delar av skulen sine feriar. 

Andre opplysningar:

  • Den som blir tilsett må leggje fram politiattest. 

Kontaktinformasjon

Cecilie Øvstedal, avdelingsleiar, 99255824

Arbeidsstad

Fjøsangerveien 38
5053 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5165028706
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 28.08.2026

Datakilde: NAV Arbeidsplassen