SFO-medarbeidar
Orre, Klepp
Kleppe, Klepp
Omtrent 2 uker igjen
Om stillingen
Har du lyst til å bidra til at barna får ein trygg, aktiv og kjekk SFO-kvardag? Då ønskjer vi å høyre frå deg!
Orre skule i Klepp kommune søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar til eit 40 % vikariat på SFO, med tiltreding etter avtale. Vikariatet varer til 31.07.2027.
Stillinga kan passe godt for deg som er student og ønskjer å kombinere jobb med studium, eller for deg som ønskjer ei mindre deltidsstilling. Det kan òg vere aktuelt med ei mindre stilling på morgon-SFO, dersom dette passar for deg.
Arbeidsoppgåver
Som medarbeidar på SFO vil du mellom anna:
- Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna
- Delta i leik og ulike aktivitetar inne og ute
- Bidra til eit godt og inkluderande miljø
- Følgje opp barna sine behov og bidra til gode relasjonar
- Samarbeide med dei andre tilsette på SFO og skulen
- Bidra til praktiske oppgåver knytte til SFO-kvardagen
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel
- Studentar innan barnehage, grunnskule, pedagogikk eller andre relevante fagområde er velkomne til å søkje
- Gode samarbeidsevner og evne til å skape trygge og gode relasjonar til barn
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Personlege eigenskapar
- Er trygg, positiv og omsorgsfull
- Likar å vere saman med barn og ser verdien av leik og aktivitet
- Er engasjert og tek initiativ
- Er fleksibel og samarbeider godt med andre
- Har gode relasjonelle ferdigheiter
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Moglegheit til å kombinere arbeid med studium
- Moglegheit for ekstra arbeid på morgon-SFO etter avtale
- Ein arbeidsplass der du får vere med på å skape gode dagar for barna
Kontaktinformasjon
Mariann Østerhus, Leiar SFO, 95076575Kenth Magne Åsebø-Trodal, Rektor, +47 90790216
Arbeidsstad
Roslandsvegen 3664343 Orre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5168062489
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Søknadsfrist: 08.09.2026
Datakilde:
NAV Arbeidsplassen