Erfaringskonsulent
Omtrent én uke igjen
Om stillingen
Seksjon dag ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig 50% fast stilling for å oppretthalde pasientperspektivet i tenesta vår.
Psykiatrisenteret består av tre seksjonar: rus, døgn og dag. Seksjon Dag tilbyr poliklinisk behandling til menneske med utfordringar relatert til psykisk uhelse og rus.
I Seksjon Dag inngår blant anna eit FACT-team som jobbar oppsøkjande og fleksibelt for å hjelpe dei pasientane som treng tettast og mest tverrfagleg oppfølging.
For å kunne gje eit breitt tilbod, legg vi vekt på å ha tilsette med ulik formell kompetanse og erfaring. Vi har til no hatt gode erfaringar med å ha erfaringskompetanse som ein del av fagmiljøet.
Arbeidsoppgåver
- Styrke pasientperspektivet og pasientmedverknaden i Seksjon dag og ved Nordfjord psykiatrisenter.
- Hovudsakleg direkte pasientretta arbeid i FACT-team og i poliklinikken ellers, men også deltaking i systematisk utvikling av tenestene.
- Representere erfaringskunnskapen i det tverrfaglege teamet.
- Motivere pasientar til å ta eigarskap til sin betringsprosess og styrke recoveryfokuset i tenesta.
- Pårørandeinvolvering og støtte.
- Samarbeid og samhandling med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar.
- Arbeidstida er på dagtid på kvardagar.
Kvalifikasjonar
- Du har fullført høgare yrkesfagleg utdanning for erfaringskonsulentar.
- Du har hatt utfordringar med psykisk uhelse og fått dag- og døgnbehandling i spesialisthelsetenesta for dette.
- Du kan nytte eigne erfaringer frå psykisk uhelse, samt behandling og betring frå denne, til å hjelpe andre menneske.
- Du beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg.
- Du har førarkort klasse B.
- Du er personleg eigna til arbeidet.
Personlege eigenskapar
- Du er open og kan bruke deg sjølv og dine personlege erfaringar i arbeidet, men har samstundes eit breitt perspektiv på kva som skal til for å få til tilfrisking.
- Du har evne til å byggje relasjonar til andre.
- Du har god rolleforståing, evne til refleksjon, og til å arbeide målretta over tid.
- Du kan samarbeide godt med andre, og ønskjer å utvikle deg fagleg.
- Du kan kommunisere tydeleg, og er trygg nok til å målbere ditt perspektiv.
Vi tilbyr
- Vekentleg rettleiing frå næraste leiar
- Deltaking i nettverk saman med andre erfaringskonsulsentar
- Opplæring i FACT-modellen og tilrettelegging for eventuelt KBT-utdanning
- Kollegaer med høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling og høve til å ta relevant etter- og vidareutdanning
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Børre Taklo, Seksjonsleiar, +47 91314965 - 90736303Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5162342789
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026