Pedagogisk leiar - 100 % fast - Marihøna barnehage

Sted
Frekhaug, Alver
Stillingstype
Fast / Heltid
Søknadsfrist
2026-09-13 · Omtrent 2 uker igjen
Publisert
2026-08-26

Om stillingen

Om stillinga

Marihøna barnehage har ledig fast stilling som pedagogisk leiar. Stillinga er ledig frå snarest, eller etter avtale med leiar.


Om barnehagen

Marihøna barnehage ligg plassert sentralt ved Frekhaug senter, med kort veg til busshaldeplass og hurtigbåtkai. I området rundt barnehagen har vi tilgang til fine turområde med skog, sjø og fjell, samt tilrettelagde leikeområde og bibliotek.

 


Arbeidsoppgåver / ansvar:
  • fagleg ansvar for avdelinga 
  • skape eit godt barnehagemiljø for alle barn 
  • planlegging og gjennomføring av pedagogiske oppgåver med eit berekraftig fokus 
  • vere ein del av leiarteamet i barnehagen og bidra i ledelse og veiledning av medarbeidarar i avdelinga
  • bidra til faglig kompetanseheving 
  • bidra til godt samarbeid og kommunikasjon med barn, personale, foreldre og andre samarbeidspartnere

Kompetanse

Pedagogisk leiar og barnehagelærar må ha utdanning som barnehagelærar/førskulelærar, eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med tilleggsutdanning innan barnehagepedagogikk. 

Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel.


Eigenskaper

Vi leiter etter ein pedagogisk leiar som

  • passer inn i personalgruppa vår, tilfører oss noko og som kan vere med å utvikle oss og satsingsområda våre.
  • er raus, tydeleg og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
  • er god på relasjonar til barn, føresette og kollegaer

Vi tilbyr:
  • godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • ein barnehage med sentral beliggenhet, men nærleik til naturområder
  • gode samarbeidspartnarar i nærmiljøet.

     


Lønsvilkår / Vilkår

Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og inkluderande kollegaer og meiningsfylt arbeid for barn si utvikling.


Datakilde: NAV Arbeidsplassen