Fast stilling - LIS3 Nevrologi
Omtrent 2 uker igjen
Om stillingen
Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering (ANRR) ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 Nevrologi.
Fast stilling LIS3 (100%) frå 05.10.2026, eller etter avtale
Om seksjonen
Legane i seksjonen er organisert under Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering (ANRR).
Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium. Vi har også fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS.
Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk og nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland Universitetssykehus for delar av spesialiseringsforløpet.
Utdanningsplan for LIS3 i Nevrologi i Helse Førde finn du her: Utdanningsplan
Eit fagmiljø i utvikling
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene og organiseringa.
Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar.
Vestlandslegen
Helse Førde er del av satsinga Vestlandslegen, der medisinstudentar frå universitetet i Bergen skal ha dei siste 3 år av utdanninga desentralisert ved Helse Førde. Dei første studentane kjem til Førde hausten 2028. For LIS3 gir dette på sikt moglegheit for deltaking i undervisning og fagleg utviklingsarbeid, i eit miljø med tett klinisk oppfølging og brei pasientkontakt. Les meir her: Vestlandslegen
Vi ser fram til å motta søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- LIS3 følgjer i utgangspunktet 7-delt vaktordning, med friveke kvar 7. veke. Tilstadesvakt (sjå gjerne utfyllande informasjon i utdanningsplan - lenkje ovanfor).
- Diagnostisere og behandle pasientar med nevrologiske tilstandar, både i akutt- og elektiv verksemd.
- Delta i tverrfagleg samarbeid med andre einingar og faggrupper.
- Bidra til fagleg utvikling og undervisning.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Fullført LIS1
- Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS og MEONA er ønskjeleg
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Motivert, lærevillig og fagleg interessert
- Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
- Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg kr 25.000,-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Seim, Seksjonsleiar, (+47) 476 20 880Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5165043429
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 05.10.2026
Søknadsfrist: 30.08.2026