Fengselsbetjent - Programinstruktør for seksuallovbruddsdømde
Omtrent én uke igjen
Om stillingen
Om stillingaPersonar dømd for seksuallovbrot utgjer ein vaksande andel av dei innsette i norske fengsel. Eit viktig satsingsområde for kriminalomsorga er å redusere risikoen for nye lovbrot. Sentralt i denne jobben er arbeid gjennom program.
Vi søkjer fengselsbetjent til program for personar dømd for seksuallovbrot.
Den vi søkjer bør ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein rollemodell og rettleiar for dei innsette. Ein må og ha evne til å setje seg raskt inn i problemstillingar, utarbeide analysar, formidle analysar, målsetnader og resultat på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- samtalar med personer dømd for seksuallovbrot, og som kan være aktuelle for deltaking i program
- rekruttering til program før soning
- drive program individuelt og i gruppe etter godkjende metodar saman med psykolog
- informasjon om- og motivasjon for behandling
- regionalt ansvar for screening, rett registrering og sletting av informasjon om BASIS, i tråd med gjeldande rutinar
- samarbeid med fengselshelsetjenesta og BASIS-behandlarar i fengselet
- koordinering med dei andre einingane i regionen og rettleing av BASIS-kontaktpersoner
- delta i nasjonale, regionale og lokale koordineringsmøter
- delta i samlingar for BASIS-screenere og i relevant kompetanseheving og kursing i regi av KDI eller helsetenesta
Du vil samarbeide med psykologar frå Helse- Bergen som er tilknytta programmet, og ein rådgjevar tilsvarande stilling
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS.
- meistre sjølvstendig sakshandsaming, rådgjevning og utvikling innanfor eige fagområde
- syne initiativ, planleggje, organisere og dele kunnskap
- god skriftleg og munnleg fremstillingsevne
- personlege eigenskaper i tråd med etatens verdier
- evne til å skilje mellom person og sak
Det er ønskjeleg at du har
- kjennskap til arbeid med seksuallovbrot eller anna systematisk endringsarbeid vil bli vektlagd
- Bachelor i straffegjennomføring
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- evne til å arbeide i team med andre profesjonar
- interesse for psykologisk endringsarbeid
- tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evne til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
- meistre belastningar som kan oppstå under gjennomføring av program
evne til å gje og ta imot rettleiing
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
Vi tilbyr
meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- spanande og utviklande arbeidsoppgåver
- tett samarbeid med andre fagpersonar
- rettleiing, kurs og komptanseheving
Opplæring i gjeldande metode vil bli gitt dersom søkjar ikkje har dette. - dagstilling med fleksitidsavtale
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- gratis parkering, bedriftshelseteneste, kantine, velferdslag og treningstilbod
Stillinga blir lønt som 0264 fengselsbetjent årslønn 500 000 - 630 000, - avhengig av kompetanse og ansiennitet.
Ved særleg høg kompetanse kan høgare løn vurderast
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Målfrid Kallekleiv tlf. 55393666 / mobil 99642258
sprøsmål ang. søknad og CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.